Båtvask og båtdåp

Laurdag 24. august skal  «Zephyr» frå Whalsey, Shetland,  døypast;  siste nybygget på Larsnes Mek  – nr 63!  Samtidig er neste båt frå Rosteinrederiet – «Ro Vision» snart  på veg til Larsnes. Men før dåp må båten vaskast. Denne veka skal  ein heil flokk frå LIL Fotball ivere i sving med nedvask.  «Zephyr» er ein stor båt; 75 m lang, 15 m brei, med 4 etasjer, så det er litt av ein jobb!

LIL Fotball har teke på seg jobben å vaske ned. Det er ein krevande jobb . «Zephyr» er ein topp moderne fiskebåt, og å vaske styrhuset er ikkje berre, berre med så mykje høgteknologusk utstyr!

LIL Fotball starta med arbeidet tysdag. Vi lurde på  korleis dette gjekk og besøkte vaskargjengen på andre dagen . Eg vart imponert! Onsdag var det Marion Bringsvor som var dugnadssjef. 25 vaskarar var det ho skulle ha oversikt på. På tysdagen hadde dugnadssjef Oskar Stig Rekdal 17 stk han disponerte.

Dåpen er laurdag , og då må alt vere klart! Rykta fortel at ein treng fleire folk desse to siste dagane!  Kan du?

tronto@tussa.com