Allidrettsopning

Onsdag 4. september var det oppstart på årets allidrettssesong! Starten var ein tur til gapahuken ved Sandmyrane! Det blei ein fin start og ein flott tur for alle!

 Hittil er det 49 påmelde til Allidrett – som er det «nye» namnet på Idretsskule !

Allidrett gir eit fantastisk  tilbod der alle borna får prøve seg på ulike aktivitetar og idretter; samt ein god dose symjeopplæring!

Neste onsdag er det kano for dei yngste og skyting for dei eldste!

Allidrett er 30 år i år og vil markere dette ved avslutninga i mars!

Hausten 1989 vart det i LIL-posten skreve om oppstarten; jubel i laget! Seinare vart det i jubileumsutgava i høve 60-årsjubileet skreve eit langt stykke i LIL-posten!

Vi kjem tilbake med tilbakeblikk rundt jubileumsfesten i mars!

All honnør til leiar i Allidrett Marita Gulbrandsen!

tronto@tussa.com