Adventskonsert

Kulturskulen varta opp med flott adventskonsert i Larsnes kyrkje i kveld! Kulturskulerektor Susann Worren Hauge losa både elevane sine og oss publikumarar gjennom nesten halvannan time med 15 flotte innslag!

Larsnes kyrkje var fylt til siste plass , og serveringa vi fekk var variert alt ifrå enkeltinnslag som solosong og piano, til gitarinnslag, duettar og messingblåsarar, og ikkje minst; fleire innslag med samspelgrupper. Julesongane fekk vi i både gammal og ny drakt! Trommisane framførte «Juletrommegroove»; i det heile; – ei finfin blanding!

Avslutningsvis fekk vi juleevangeliet framført  på norsk og polsk i samspel med lydkulisser som bestod av orkester og kor! Ei fin avslutning på kvelden, så takk til alle i Kulturskulen for ein fin kveld i Larsnes kyrkje, ja, ei spesiell takk til lærarane; ein kjempegod innsats!

I desse budsjett-tider mimrar vi  tilbake til «gamle dagar» då musikkskulen   – forløparen til kulturskulen – vart vedteke på budsjettmøtet i kommunestyret etter eit benkeforslag! Takk til han! Det er nokre år sidan då; men i desse åra har kulturskulen fostra ei mengd gode, unge musikarar/songarar – og dei har fått mulegheita til å stå fram!  Vi får nyte godt av denne kompetansen! Kjempeflott, spør du meg!