17. MAI I LANDSBYEN

Strålande ver – heile dagen! Flagga kom tidleg opp – og folk kosa seg  med god frukost og sol, før dei v med «fellesfeiringa»! Tradisjonelt så startar feiringa med flaggheising ved Sandetun og der stiller sjølvsagt med HML Varden! Ja, kva skulle vi ha gjort utan Varden! Då hadde 17.mai-feiringa vorte snippa!

Tradisjonen tru; sjølve feiringa starta med gudsteneste i kyrkja, før det var oppstilling av toget. Det var utruleg mange som var på føtene og årets tog var kjempestort! Fremst gjekk som alltid flaggborga med  årets konfirmantar! Nytt av året var drilljentekorpset! Sjarmerande! Alltid eit stopp ved Sandetun og appell for dagen; i år var det tiandeklassingane Ida Kristin Skrede Halle og Vilde Indregård som heldt denne! Flott appell frå to flotte jenter!

Siste stopp er som alltid skuleområdet og Landsbyhuset. Masse folk; og dei fleste tok middagen ute i fineveret! Folkefesten starta klokka 5. Festtalar var Remi Vattøy, det var utdelingar av dagens konkurransar,  kahoot, leikar og solosong av Ida Kristin Skrede Halle. I det heile ein fin dag der Skulekoret tok kaka på festen! Olav Breitveit leia oss gjennom dagen både på Sandetun, leikane og festen. Godt jobba, Olav!

Og sola varma lenge etter at festen var slutt!