STORMØTE

Landsbyen Larsnes arrangerte stormøte med idedugnad på Landsbyhuset søndag 24, juni. Dette var siste aktivitet på Sumarsamkoma og mange hadde vore i aktivitet denne søndagen med Larsnesmila, bygdevandringa «Gardane i Dalen»og middag på Breidablik.

Kl 1800 starta det heilee. Rundt 70 stk var med; utruleg bra! Trond innleidde og kom med ein appell; engasjement var stikkordet! Einar Ekroll hadde eit innlegg som samfunnsengasjert lokalpolitikar; Harald Sætre snakka om Landsbyhuset; kva er gjort og korleis gjere dette bygget endå meir anvendeleg for framtida og til slutt hadde Håkon Vestnes laga ein flott videopresentasjon ; Kva med Larsnes i 2030.  Tre gode innlegg som også vart stikkorda for idedugnaden. Kva om vi hadde 50 millionar til disposisjon?? Margunn Rekdal leidde idedugnaden på ein framifrå måte. Diskusjonen gjekk rundt om på borda, og gulelappane vart flittig brukt og ideane vart nedskrevne og festa på «storarket»!  Til slutt skulle ein prioritere, før Håkon presenterte resultata på skjermen nesten umiddelbart! Det kom opp mange gode idear ; idear som skal presenterast både her på larsnes.no og takast opp att på neste stormøte i haust!

Trond avslutta stormøtet og minte om at badestranda får ei skikkeleg oppgradering i neste veke når sanden kjem! Og badestrand stod på lista frå siste idedugnad, så noko har det blitt!

Landsbyen takkar for innsatsen på idedugnaden!