TING SKJER!

I «gamle dagar» var tida etter jul som eit friminutt å rekne. Det var ikkje så mykje som skjedde. Ja, nokre årsmøte var det, men.. No i 2019 har det nettopp vore årsmøter i Helselaget, LIL, Utdanningsforbundet, og neste – som vi veit om, er Landsbyhuset Breidablik som skal ha sitt neste onsdag – 27.03.  Ja, i går var det folkemøte på Breidablik om den nye reguleringsplanen for sentrum. Det er klart  alle  ikkje kan møte opp på alt, men vi bør i alle vite at TING SKJER  – også i Landsbyen vår.

Treningane på alle 9 laga i LIL er i full gong; øvingane i Småtroll og HML Varden pågår heile tida, turn og yoga! Det er eit variert tilbod!

Framover:

Torsdag 21. mars kl 1830. OBOS-cup på River Plate. LGFK – Hasundgot. Gratis!

Søndag 24. mars kl 1500. «Musikalsk filmquiz» på Landsbyhuset med HML Varden. Sosakjøt er det på menyen + tombola og auksjon og sjølvsagt hornmusikk!

Torsdag 28. mars kl 1800. Konsert i Larsnes kyrkje med SMÅTROLL.

Sikkert  meir som skjer! Vi går mot lysare tider, i dag er dagen lengre enn natta då det var vårjamndøger i går! Ta kontakt med larsnes.no viss det er ting det vil skrive om.

tronto@tussa.com