Det er berre så flott eit tiltak!

I dag søndag  24. feb.  var det «Åpen hall» i Larsneshallen med LIL Turn og Stine Sætre i spissen! Eit utruleg flott arrangement med deltakarar frå heile Gurskøya og Fosnavåg! 

I første «avdeling»  – den med førskuleborn,  var der over 30  deltakarar! Dei fekk vere med på ulike, kjekke øvingar, og det var fryd og gaman; både for dei yngste, men også foreldre og besteforeldre som var der som publikum! I andre runde var det born i skulealder, men det var etter eg hadde gått!

Alle bilete har foreldre gitt løyve til! Vi gler oss til neste «Åpen hall» – og DU må gjerne møte opp, for der er også kiosk med kaffi og kaker!

tronto@tussa.com