Miniturnering på Larsnes Stadion

Larsnes IL ynskjer velkomen til miniturnering laurdag 24 august. Turneringa startar klokka 10:30 og vil foregå på naturgras på Larsnes Stadion

Sidan vi ventar ca 35 lag og det er eit stort arrangement for oss, bed vi dykk om hjelp for å få turneringa best mogleg.

Vennligst meld dykk i sekretariatet ved ankomst slik vi veit at de er komne.
Parkering skjer ved Larsnes Skule. Da er det ein 2 minutt gåtur langs en gangvei gjennom skogen til Stadion. Sjå kart på neste side! Parkering på Stadion kun ved spesielle tilfeller/behov.
Hjelp oss å halde Stadion rein. Bruk søppelbøtter og spark av gras når de går inn i klubbhuset
Det vil bli sal av grillmat (hamburger og pølser) samt vanlig kiosk. Betaling med Vipps, kort eller cash.
Larsnes IL Fotball har stor fokus på Fair Play, og ber alle ha ein god tone mot dommarar, medspelarar og motspelarar.
Kampane er 1×20 minutt, og vil bli starta og stoppa frå speaker
Kampoppsett blir sendt i eige dokument.
Vi minner om at det ikkje skal praktiserast høgt press ved igongsetting. I tillegg oppfordrar vi alle lag til å sette på ein ekstra spelar ved målforskjell på meir enn 4 mål.

Om det skulle være spørsmål under arrangementet, vil kampverter vere tilgjengelig på bana.