Larsnes Helselag

Larsnes Helselag er eit aktivt lag.

Laget vart skipa i 1913 og har sidan då jobba  for god trivsel  og helse i nærmiljøet!  Det overordna organet til Helselaget er Nasjonalforeningen for folkehelsen. Larsnes Helselag deltek i Nasjonalforeningen for folkehelsen  sine aksjonar angåande Demensaksjonen og Hjarteveka. Elles markerer laget Eldredagen og har ulike trimtilbod og er «fast» inventar på Øya Sandetun; enten med baking eller andre aktvitetar.

Inntekta til laget kjem frå medlemskontingent, basarar, sal av fastelavsris  og hjelp med samlingar etter gravferd – enten i kyrkja eller på Landsbyhuset. Her kan leiar Astri Bente Sandvik kontaktast – tlf. 936 46 012.

Overskotet går tilbake til bygda i form av gaver td. til barnehagen, Sandetun, skulen, badestranda o.l.

Laget held til på Elveromsstova der dei har sine medlemsmøter og  med jamne mellomrom har t.d. laurdagskafe.

Leiar:
Astri Bente Sandvik

Nestleiar:
Inger Anne Torset

Kasserar:
Anne Marta Torset

Skrivar:
Lina Strand

Medl.:
Solrun Slettestøl
Reidun Voldnes