Gamlebanken på Larsnes 100 år!

Bygget kjent som Gamlebanken fyller i år 100 år. Bygget vart reist i 1916 for Sande og Rovde Sparebank av byggmeister Sivert Storegjerde. Året etter brann bygget ned, men vart gjenreist etter same teikningane og stod ferdig i mai 1918.

Les meir

7. året med Feel It på Larsnes

Over 6500 (!) gjestar har vore på Feel It  på Larsnes sidan starten i 2012. No er det snart «duka» for nye show, og billettar til Feel It dinnershow vert lagt ut for sal med det fyrste.

Les meir

Kva skjer

Tryggare langs bryggjekanten

No er det endeleg montert markering for nivåforskjellar langs bryggjekanten på Larsnesbryggja. Det er malarmester Lindvik frå Stryn som har montert tilsaman 40 meter med kantmarkeringar.

Les meir

Yogakurs i Larsneshallen

Vi er så heldige å ha fått en yoga instruktør hit til Larsnes i haust. Tilbodet er tenkt til Larsnes Idrottslag sine medlemer, så om du er interessert men ikke er medlem,  – kan du melde deg inn.  Vi har 18 plasser, så hiv deg rundt og meld deg på.

Les meir

Ting skjer…

Det er slettes ikkje alt som står på oppslagstavlene på butikkane om kva som foregår i landsbyen!  larsnes.no arbeider med å få til ein kulturkalender! Inntil dette kjem på plass må arrangørar tipse oss kva som skal skje, fordi «ting skjer»!

Både LIL Fotball, Landsbyhuset Breidablik, Øya (Sandetun), Naboen Restaurant har eigne facebooksider.  Øya har «veketimeplan» – sameleis LIL Fotball og kampar vert spelt kvar veke! Gå inn på Facebook eller heimesidene!

Vil likevel nemne nokre  arrangement: På Naboen er det konsert med Lizz  laurdag 8. sep, og 13. okt er det Quiz med Margunn og Trond;på Landsbyhuset vert det  Feel-it  8 og 9 nov + 16 og 17 nov; Sandemessa er 24 og 25. nov. Søndagen etterpå er det julegrantenning med adventskaffi på Landsbyhuset! Mange viktige datoer! Ting skjer…

Les meir

Dagens bildeSjå fleire bilde

Skulestart 2018

Snart er to første vekene gått av skuleåret 2018/2019!  Mandag  20. august var det skulestart for dei fleste elevane i Norge; også på Larsnes skule.   I år er set skulen her «elevrekord»  med heile 86 elevar.

Første klasse 2018/2019 består av:  Kiril Balev, Mike Gadomski, Linnea Vattøy Gulbrandsen, Amalie Kristine Voldnes Joksch, Tiril Amalie Gjengedal, Kacper Majden, Zusanna Majden, Ella Nathalie Brekke-Oksavik, Justus Berntsen Gjerde, Olivia Sudol og Trine Vestnes. I alt 11 håpefulle!  Utanom rektor finn vi 10 lærarar, 3 fagarbeidarar, 1 lærling og 2 reinhaldarar; ei relativ stor bedrift!

Rektor Dag Atle Eksund  seier at det har vore ein grei skulestart med det aller meste på plass. Det mest positive er at elevtalsauken, men det medfører også mindre plass pr. elev!  NRK Super med Wilhelm Støylen besøkte skulen første skuledagen – og dette vert å sjå på TV litt seinare i haust!

Eksund håper på nokre fineversdagar slik at fellesaktivitetar  ute kan gjennomførast! Vi ønskjer lukke til med skuleåret!

 

Les meir

Snart hjortejakt

Dei  fleste av oss legg ikkje så mykje i  1.september, men for hjortejegerane er det ein viktig dato.  Den dagen er det heilt sikkert at jegerane Bjarte og Egil Johan Rovde er på post. Det er sesongstart på hjortejakta som varer heilt til 23. desember.

Les meir

«Nordhavet»

På slutten av ferien til dei tilsette på Larsnes Mek , kom «Nordhavet»  slepandes!  Dette er bygg nr 59 for landsbyverftet Larsnes Mek ! «Nordhavet» er ein snurpar/snurrevadfarty og er registrert i Harstad. Det er rederiet er Arvesen As frå Engenes i Nordland som har vore så heldige å ha valt «vårt» verft!  Landsbyen vil gratulere rederi og verft!

Les meir

Webkamera

Video frå LarsnesSjå fleire video

«Gule lappar»

Under idemøtet på Landsbyhuset søndag 24. juni kom det fram masse idear om kva landsbyen kan engasjere seg i framover. Det vart tala om engasjement og bulyst, og eit felles talerør innimot kommunen. På gruppearbeidet var det stort engasjement og nesten 600 idear kom inn. Fleire hundre innspel kom på gule lappar  og dei er no gått gjennom, og landsbyrådet  – og det påfølgjande stormøtet – skal seinare i haust leggje ein plan framover der dette vil bli brukt!

Dei som var med var mest oppteken av å få full hall, skikkeleg oppgradering av Landsbyhuset, ferdigstilling av badestranda og badehus og byggje ein paviljong i Landsbyparken!

Heldigvis kom det fram ein del forslag på det mellommenneskelege planet; bl.a. betre samarbeid mellom lag og organisasjonar, besøkstenester, etablering av møteplassar og kanskje ikkje minst; halde ved like det vi har!

Jau, Landsbyrådet fekk nok innspel – og kjenner vi dei rett; vil dei ta kontakt med alle lag og organisasjonar for å få til ein god start – og for å få til betre bulyst!

tronto@tussa.com

Les meir

Møteplassen for godt vaksne

Pensjonistar og nesten pensjonistar har eigen møteplass i landsbyen.  Jokerkråa er utan tvil plassen ein skal gå om ein vil ha seg ein uformell prat. Presis på prikken 12:30 møter 6-10 personar opp.

Les meir

Larsnes treng ny reguleringsplan

Etter ein lang sommarferie har formannskapet i kommunen første møtet 21. august. Under skriv og meldingar er orientering om utlegging av flytebrygge i Hallebygda Småbåthamn.

Les meir

#Larsnes Sjå fleire bilde

Ei tid varSjå fleire bilde

Steinnes.2013-retusjert.jpg

Ut på tur - aldri sur

Bla opp