Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Småtroll

Småtroll

Hei!

Minner berre om at vi skal synge på sommarfesten i Larsnes kyrkje søndag 1 juni kl 16.

AVSLUTNINGSTUR torsdag 5 juni kl 17 - møt opp utenfor kyrkja med høg GRAND PRIX faktor!

 

Takk for i år!!

 

SMÅTROLL HAUST 2013

ØVINGAR:

 

5 september

26 september

17 oktober

7 november

28 november

Småtroll 16 mai kl 17.30

På grunn av jenteforballkamp må vi starte øvinga kl 17.30. Velkomne!!

Småtroll våren 2013

Hei!

Det vert litt sein oppstart etter jul....men bedre seint enn aldri!

Øvingsdagar:

 

Torsdag 14 februar

Torsdag 7 mars

Torsdag 4 april

25 april

16 mai

6 juni

 

Mvh

Marianne

 

NY TID Småtroll 29.11

Småtroll 29.11 vert frå kl 17.30-18.30.

Storegruppa 18.30-19.00.

Dette pga foreldremøtet på skulen for alle med born i skulealder kl 19.15.

 

Marianne

Stjerneunderet

jentegruppa_seven_jul_2012.jpg

Jentegruppa Seven presenterer familieførestillinga Stjerneunderet i Larsnes kyrkje søndag 2 desember kl 16. Samarbeid med Småtroll. Alle velkomne. Kollekt!

Småtroll datoane klar

Øvingar:

20 september

4 oktober

25 oktober

15 november

29 november

 

Pluss:

Hausttakkefest 21 okt kl 16

Konsert 2 des

 

Småtroll mai/juni

10 mai: Vanleg øving UTAN STOREGRUPPA (pga fotballkampar)

31 mai: "Turkistur"

3 juni: Syynge i Larsnes Kyrkje kl 11

Dansegruppe/Sweeties/THE NEXT: Eit par øvingar i juni og framføring i Larsnes sentrum 23 juni (mest truleg)

 

M&M

Småtroll

Husk Småtroll no på torsdag.

 

Våren 2012:

Torsdag 26 jan

Torsdag 16 feb

Torsdag 8 mars

Torsdag 29 mars

Torsdag 19 april

Torsdag 10 mai

Torsdag 31 mai

 

18-19

Storegruppa 19-19.30

M&M

|

Info Småtroll

Småtroll skal synge julaftan kl 14 i Larsnes Kyrkje.

Vi skal gå inn i prosesjon til Her kjem me Jesus dine små (Maia solo). Så syng vi vidare: Juleønsker (Urte og Hanna solo), Julestjerna (Mikael og Ludvik solo) og Sonjas sang til julestjerna (Maria, Birte, Henrikke solo).

Nokre gutar skal lese juleevangeliet.

Storegruppa skal også synge seinare i gudstenesta: Loved og Angel.

 

God Jul til alle store og små!

Fyrste øving over nyttår er førebels planlagd til 26 januar (og deretter kvar tredje torsdag). På fyrste øvinga vert det nyttårsgave til alle!!

Marlen og Marianne

 

 

 

Småtroll hausten 2011

Torsdag 22.09

Torsdag 13.10

Torsdag 03.11

Torsdag 24.11

Vi skal synge på hausttakkefesten 16 oktober.

 

Marianne 95 94 61 72

Marlen 92 69 17 78 

Småtroll "lillatur" 19 mai

På grunn av musikkskulekonsert den 26 mai flyttar vi "lillaturen" vår til torsdag 19 mai! Same innhald som før, men kvar skal vi i år????

Møt opp KL 17 utanfor kyrkja. Ta på kle etter veret.

Spennande helsing frå Marlén og Marianne

 

Stor takk!

Takk til alle Småtrolla for SUPER innsats på konserten vår! Dokke viste stor songglede og var kjempedyktige. Flott jobba av solistar, lesarar, billettjentene, instrumentgutane og ikkje minst ALLE som song med stor innleving!! Alle songarane er viktige brikker i koret vårt og vi er kjempestolte av dokke!

Takk til pappabandet (Bjarte, Tor Helge og Andre) og ikkje minst mammakoret (Guro, Laila og Anne Marthe)!

Takk til alle kakebakarane og glasurmesteren Anne Marthe!

Takk til alle som hjalp til med å snu kyrkja og bere utstyr!

Takk til kjøkkendamene Annbjørg, Marianne og Monica!

Takk til Desiree for hjelp til å lage program!

Takk til Gamlebanken Scene for topp lyd og lys!

Takk til Erlend for ein flott film!

Takk til Soknerådet og Anker for gåver og ikkje minst for dei flotte orda! Det varma! Vi gled oss til å opne pakken på lillaturen vår.

STOR takk til Aadne og Sparebanken Møre for den uventa men flotte pengegåva!

Takk til alle FORELDRA! Dokke gjer det mogeleg!!

Takk til PUBLIKUM, vi klarde å fylle kyrkja og det er vi stolte av!

 

Marlén og Marianne.

Småtroll konsert 15 april

Småtroll 10 års jubileumskonsert fredag 15 april kl 18!!

Småtroll

Øvingar framover våren Larsnes Kyrkje 18-19:

Torsdag 10 februar

Torsdag 24 februar

Torsdag 10 mars

Torsdag 24 mars

Torsdag 14 april

Torsdag 5 mai

Torsdag 26 mai

 

Småtroll 20 januar

Startar opp med Småtroll igjen torsdag 20 januar kl 18!

Meir informasjon kjem.

 

Marianne

|

Småtroll

Husk synge søndag 3 okt kl 17! Ta på Button!

Øvingar framover desse datoane:

14 OKT

4 NOV

25 NOV

Småtroll 2 september

Vi startar øvingane etter sommarferien torsdag 2 september kl 18-19 i Larsnes Kyrkje. Som vanleg er alle velkomne, små og store! Meir info om hausten kjem på fyrste øvinga.

Småtroll "GRØN-TUR" 27 mai

Siste innspurt på Småtroll-året!

GRØN-TUR torsdag 27 mai.

Møt opp ved kyrkja kl 17 (heime ca 19.30).

Ta på kle etter veret, kanskje ute, kanskje inne?

 

M&M

Husk konsert på Gamlebanken!!

12Neste