Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Trimbøkene

Trimbøkene på fjellet vert ikkje skifta før ved nyttår. I år vert det eit ekstra langt år med trimbøker på fjellet.

Frå 2012 vil trimbøkene følgje kalendaråret.

Femtoppstur

Vi minner om femtoppsturen!

Oppmøte på Drageskaret kl 11.00 søndag 11.09.

Turen går til Svedahornet, Veten, Torsethornet, Lomstjønna og Grøthornet.

mvh

Trimgruppa

Gurskøya sitt felles turprogram

trim10.jpg

Resultat fjelltrim

NUPATINDEN

Vinnar: MARIE BRINGSVOR 18 turar

 

Kvinner

Menn

Marie Bringsvor 18 turar

Jenny Helene Øie Røyset 7 turar

Mariann Skoge 6 turar

 

Jan Høgstavoll 14

Knut Nystøyl 12 turar

Bjørn Skoge 5 turar

 

 

STORHORNET

Vinnar: INGAR KOBBENES 72 turar

 

Kvinner

Menn

Wenche B. Strandbø 49 turar

Lisbeth Brandal 44 turar

Monica Hammer 40 turar

Irene H. Gunnarstein 35 turar

Margunn Rekdal 33 turar

Mariann Skoge  24 turar

Anita B.Rekdal 23 turar

Helen Gran Hammer 22 turar

Hanne K. Johansen 19 turar

Hanne K Indregård 16 turar

Hildegunn Kobbenes 14 turar

Wenche E. Indregård 13 turar

 

Ingar Kobbenes 72 turar

John-Harald Ristesund 56 turar

Thomas Oksavik 28 turar

Oddvar Kragset 27 turar

Jan Høgstavoll 18 turar

Knut Nystøyl 16 turar

Torgrim Taklo 15 turar

Bjørn Skoge 14 turar

Sæbjørn Myklebust 13 turar

Torbjørn Rekdal sen. 13 turar

Lars Peter Sandvik 13 turar

Arild Hammer 10 turar

 

 



TORSETHORNET

Vinnar: JANNICKE JOHNSON  69 turar

Kvinner

Menn

Jannicke Johnson 69 turar

Solrun Slettestøl 37 turar

Ragnhild Nygård 7 turar

Lisbeth Brandal 3 turar

Marianne B. Leikanger 3 turar

Mariann Skoge 3 turar

Steinar Slettestøl 45 turar

Jan Høgstavoll 10 turar

Karsten Slettestøl 10 turar

Idar Gjerde 9 turar

Bjørn Oksavik 7 turar

Sigmund Bjerkvik 6 turar

Rune Slettestøl 6 turar

Atle Sørensen 6 turar

Kristoffer Vestnes 6 turar

 

LOMSTJØNNA

Vinnar: SIGMUND BJERKVIK  108 turar

 

Kvinner

Menn

Ingrid Bjerkvik 25 turar

Solrun Slettestøl 11 turar

Marianne B. Leikanger 8 turar

Josè van der Heijden 7 turar

Margunn Rekdal 7 turar

Mariann Skoge 7 turar

Anne Berit Torset 7 turar

 

Sigmund Bjerkvik 108 turar

Stig Rekdal 21 turar

Jan Høgstavoll 11 turar

Bjørn Oksavik 11 turar

Kjell Ove Vasstrand 9 turar

Hendrik van der Heijden 7 turar

Kristoffer Vestnes 6 turar

 

GRØTHORNET

Vinnar: ANNE BERIT TORSET 39 turar

 

Kvinner

Menn

Anne Berit Torset 39 turar

Josè van der Heijden 16 turar

Mariann Skoge 12 turar

Marianne B. Leikanger 10 turar

Synnøve Nystøyl 10 turar

Mona P. Raidma 10 turar

 

Sigmund Bjerkvik 27 turar

Kristoffer Vestnes 27 turar

Jan Høgstavoll 23 turar

Ståle Torset 19 turar

Hendrik van der Heijden 15 turar

Bjørn Oksavik 14 turar

Håkon M Bjørlykke 12 turar

Arthur Vestnes 11 turar

Bendik D.Torset 10 turar

 

GAPAHUKEN

 

Vinnar: SIGMUND BJERKVIK  86 turar

 

Kvinner

Menn

Aslaug Kvalen 72 turar

Ingrid Bjerkvik 62 turar

Edna Olsen 59 turar

Ragnhild H.Vasstrand 49 turar

Josè van der Heijden 43 turar

Annr Berit Torset 40 turar

Inger Anne Torset 33 turar

Oddbjørg Levik 18 turar

Marte Petersen 18 turar

Else Marie Rekdal 17 turar

Kari Johanne Skarmyr 16 turar

Margunn Rekdal 15 turar

Lindis Knotten 15 turar

 

Sigmund Bjerkvik 86 turar

Kjell Ove Vasstrand 41 turar

Hendrik van der Heijden 37 turar

Stig Rekdal 36 turar

Ståle Torset 19 turar

Svein Torset 19 turar

Kolbjørn Kvalen 17 turar

Torbjørn Rekdal sen. 12 turar

 

 

BESTE ” FAMILIE”

 

Vinnar: familien van der Heijden

Jamina, Josè og Hendrik

266 poeng

 

Van der Heijden : Jamina,

Josè og Hendrik.

Brune Leikanger: Edvard, William, Ludvik, Herman, Marianne og Andrè.

Bjerkvik: Marie,

Ingrid og Sigmund.

Beitveit: Sivert, Olav, Marthe,

Hege og Atle.

Torsvik Skrede: Odin Leander,

Lena og Tommy.

Torset: Elene, Maren,

Anne Berit og Ståle.

266 poeng

 

171 poeng

 

154 poeng

 

122 poeng

 

118 poeng

 

100 poeng

 

 

 

Antall  besøk på ”toppane” våre:

ü  Nupatinden 229 (179 i fjor)

ü  Storhornet 1553 (1896 i fjor)

ü  Svedahornet 1036(1322 i fjor)

ü  Veten 796(866 i fjor)

ü  Torsethornet 437 (344 i fjor)

ü  Lomstjønna 456 (386 i fjor)

ü  Grøthornet 639 (461 i fjor)

ü  Gapahuken 1896 (626 i fjor på 6 mnd.)

 

Premie til den personen over 15 år som går flest turar til kvar topp.

Premie til den familia som samlar flest poeng.

Alle barn som oppnår 30 poeng eller meir får diplom.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 










 


 





 




 


 

 

 

 

 

Herretrim

Herretrim startar tirsdag 19.10. kl 20.30 i gymsalen.

Laupsnipa

Trimgruppa har tur til Laupsnipa søndag 19.09 kl 12.00 frå Tødeneset.

Flott utsikt og ein fin tur som er fin for alle aldrar !! Kom og ver med på årets siste tur med trimgruppa.

5 toppstur 5.sept.

5 toppstur 5.sept frå Drageskaret kl 11.00.  Du bestemmer sjølv kor mange av toppane du vil gå til.  Svedhornet, Veten, Torsethornet, Lomstjønna og Grøthornet.

Premiering - dess fleire toppar,dess størresjanse for å vinne !

Badminton

Badminton -trimaktivitet for alle startar torsdag 16.09 kl 20.30 i gymsalen. Møt opp !!

Tur til Nystøylhornet

Trimgruppa arrangerer tur til Nystøylhornet søndag 22.08.  Ferje frå Larsnes kl 09.45.  Turen startar frå Sandvikdalen.  Dette er ein fin tur og utsikta er flott !!

Larsnesmila 2010

Søndag 20.06 kl 15.00 vert Larsnesmila arrangert for 27.gang.  Start og mål ved klubbhuset.  Drikkestasjonar underveis.  Etter målgang vert det litt forfriskningar.

Premiering og gratislotteri.

Barn kr 30, vaksne kr 50.

Tur til Runde 5.juni

Trimgruppa i Larsnes IL arrangerer tur til Runde laurdag 5.juni.  Oppmøte i Goksøyra kl 18.00.  Vegen/stien oppover fjellet er godt merka og byrjar like etter campingplassen.  Først går vi til Kaldekloven og Lundeura, der vi kan nyte utsikta, fuglelivet og litt niste.  Vidare returnerer vi til Goksøyra eller går til Runde fyr.  På fyret kan ein overnatte i DNT/ÅST hytte som er sjølvbetjent, ta kontakt med Lisbeth Brandal for informasjon om overnatting tlf 70028034/93875736.

Turen er lett og fin og passar fint som familietur.

Larsnes IL,trimgruppa

TURAR MED TRIMGRUPPA 2010

Laurdag 1.mai vert det tur rundt Nupen, oppmøte kl 12 frå Sandvika.  Det vert organisert henting av bilar.

Mandag 24, mai er det friluftsgudsteneste på Knottahornet kl 13.00.  Etter gudstenesta går turen vidare til Svedahornet, Grøthornet og gapahuken.

Laurdag 5. juni vert det kveldstur til fyret på Runde. den som vil kan overnatte på fyret.  Oppmøte i Goksøyra kl 18.00.

Søndag 20. juni er det Larsnesmila.  Start kl 15.00 frå Larsnes stadion.

Søndag 22. august er det tur til Nystøylhornet med start i Sandvikdalen.  Ferje frå Larsnes kl 09.45.

Søndag 5. september vert det 5-toppstur (  Svedahornet, Veten, Torsethornet, Lomstjønna, Grøthornet og gapahuken )  Start kl 11 frå Drageskaret.

Søndag 19. september er det tur til Laupsnipa.  Oppmøte kl 12 i Tødeneset.

Molladalen 15. august ???  Dersom det er interesse for ein tur i Molladalen må ein melde frå til nokon i trimgruppa ( Lisbeth, Ragnhild, Solrun, Helge )  Tilbakemelding før 10. august !!

Trimgruppa i LIL ynskjer velkomne til turane !!

Trim i gymsalen !

Trimgruppa minner om :dametrim mandag kl 20.30, herretrim tirsdag kl 20.30 og badminton torsdag kl 20.30. 

 

Friluftsgudsteneste

 På Knottahornet

Mandag 1. juni vert det gudsteneste ute i det fri på Knottahornet.  Gudstenesta tek til kl 13.  HML Varden vert med og spelar.  Trimgruppa legg opp til ein tur vidare til Grøthornet etter gudstenesta.  Frå Grøthornet kan ein gå vidare til Drageskaret, ned til Råkja eller til gapahuken.  Vel møtt !!!

Fjelltrimmen 2008/2009

Trimgruppa har hatt opptelling over bøkene på fjellpostane og postane har godt besøk.  Nedanfor kan vi sjå "vinnarane" på dei ulike postane, meir utfyllande liste vil ein finne i årsmeldinga til Larsnes IL.

Nupatinden : Marie Bringsvor 17 turar

Storhornet : Ingar Kobbenes 133 turar

Svedahornet : Ragnhild Hagen Vasstrand 43 turar

Veten : Steinar Slettestøl 47 turar

Torsethornet : Solrun Slettestøl 44 turar, Steinar Slettestøl 44 turar

Lomstjønna : Stig Rekdal 57 turar

Grøthornet : Anne Berit Torset 23 turar

Gapahuken : Aslaug Kvalen 19 turar

"Beste familie" : Familien Bjerkvik, Marie, Ingrid og Sigmund.

Borda på Grønholmen

Trimgruppa saknar dei to rasteplassborda som tidligare stod på Grønholmen, borda var merka Larsnes IL på ei lita metallplate.  Veit du kvar dei har teke vegen ta kontakt med Helge Tødenes.

Herretrim

Herretrimmen startar tirsdag 13.10 kl 20.30 i gymsalen. 

Badminton

Torsdagane kl 20.30 er det badminton i gymsalen.  Fin trim for folk i alle aldrar.  

Møt opp !!

Evt spørsmål kan rettast til Gunnar Indresøvde/Ingmar Dyrhol/Bjørnar Rovde. 

Dametrim

Kvar måndag kl. 20.30 er det dametrim i gymsalen ved skulen.Trimmen består av enkel oppvarming, ballaktivitet og styrketrening. Det er både sosialt, kjekt og god trening for kropp og sjel!! Alle er velkomne. Ved spørsmål henvend deg til:Elisabeth: 40 48 66 85

5-toppstur komande søndag!

Søndag 6. september vert det 5-toppstur i regi av trimgruppa.  Turen startar på Drageskaret kl 11.00.

Ein kan gå på ein eller fleire av desse "toppane":  Svedahornet, Veten, Torsethornet, Lomstjønna og Grøthornet.

Det er lagt opp til å kunne møte idrettsskulen ( som er på "opningstur" )i gapahuken ca kl 14 for dei som ynskjer det.

Trimgruppa stiller med 5 premiar - ein for kvar "topp".  Det vil seie at dei som er med på alle toppane, har 5 sjansar til å vinne medan dei som går på berre ein topp har ein sjanse til å vinne premie!  Trekninga vert gjort på årsavslutninga på slutten av året.

Vel møtt !!!

12Neste