Larsnes idrettsskule har planlagt året 2008 - 2009, og snart startar morroa.......
Som før vil alle barna få utdelt informasjon om idrettsskulen i løpet av dei første skuledagane. Føresette må leite etter denne infoen i skulesekkane (garderoba i barnehagen for 5-åringane). Hvis de ikkje har funne nokon idrettsskuleinfo etter denne øvelsen, må de kontakt oss i idrettsskulen.
Som før har vi også ein påmeldingsdato. Denne er i år sett til 28.august.
Som før har vi behov for instruktørar og hjelparar - føresatte må derfor være klar! Instruktøroppsettet utarbeider vi fortløpande for kvart tema saman med andre detaljar. Er det nokon som har spesielle instruktørynskjer? Første mann til mølla gjeld!
Vedlagt ligg meir info om idrettsskuleåret 2008 - 2009. Ta kontakt med oss i idrettsskulen om det skulle være noko
Vel møtt til nytt idrettsskuleår!
Mvh
Larsnes Idrettsskule