Fotballens dag med Øyvind Vebenstad laurdag

Larsnes IL Fotball vil invitere deg til å delta på fotballens dag laurdag 3. november i Larsneshallen mellom klokka 16 og 18.

Det vert to timar med aktivitet for borna i hallen og program for dei vaksne på klubblokalet.

I klubblokalet vil Øyvind Vebenstad gi eit foredrag om viktigheita og nødvendigheita av at alle må bidra for at det skal finnes et tilbod. Spesielt i små samfunn som her på Larsnes er dette viktig. Øyvind Vebenstad er ein kjend foredragshaldar, og vi håpar du har lyst å kome å høyre på han. Vi har jobba mykje for å få han hit.

I tillegg til foredrag frå Vebenstad vil det også bli litt info frå fotballstyret. Vi vil presentere litt av det arbeidet vi gjer, og kva frivillig arbeid som ligg bak det å drifte både klubben og dei ulike laga.

Det er ingen som blir valgt eller plukka ut til noko verv eller oppgåver denne dagen, så det er heilt trygt å stille opp. Vi byd på kaffi og kjeks og godt sosialt samvære.

I hallen har vi aktivitetsleiarar som vil drive aktivitet for alle som vil mellom 6 og 16 år. Ein treng ikkje vere medlem eller aktiv for å vere med denne dagen. Vi åpnar for alle.

Tema for dagen er rekruttering

Fotballgruppa ynskjer med denne dagen å få fleire aktive til å spele fotball, og få fleire vaksne til å bidra inn mot  fotballgruppa og laga. Gruppa treng alt frå styremedlemmer til trenarar, lagleiarar, dugnadsansvarlige eller kampvertar. Alle kan gjere litt, men ingen kan gjere alt. Dess fleire vi er til å dele på oppgåvene, dess betre kvalitet vert det på aktiviteten.

Larsnes IL Fotball er landets minste kvalitetsklubb. Det betyr at vi har blitt anerkjent av fotballforbundet for den jobben vi gjer med å skape ein god, trivelig og innhaldsrik fotballaktivitet for born og unge i landsbyen. Dette ynskjer fotballgruppa å fortsette med og då treng engasjerte vaksne som er villige til å stille opp.

Styret i Larsnes IL Fotball,  Helge Tødenes, Thomas Oksavik, Tor Helge Lillebø, Tobben Rekdal, Aadne Sandanger, Emilie Kvalen og Elisabeth Sunde