Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Forslag til slagord i LIL

LIL eit lag med stil

LIL- få, men mange!

LIL -laget for alle!

LIL - breidde og topp!

LIL - i farta!

LIL- trim, topp og trivsel

Årsmøte i LIL

Onsdag 05.03 kl 19.30 på Breidablik

Vanlege årsmøtesaker!

Handlingsprogrammet vert drøfta og vedteke. Det er årsmøtet som legg føringar for den vidare satsinga i laget. Møt opp og du kan påverke!

 

_rsm_te_og_handlingsplan_2014_1__1_.pdf

Larsnes IL, hovudstyret 2011

larsnes_stadion2.jpg

Kjell Martin Vikene leiar

Sæbjørn Myklebust  nestleiar

Monica Hammer økonomi

Atle Beitveit  trim

Oddbjørn Indregård  idrettsskule

Torbjørn Rekdal Sr. anlegg

Synnøve Nystøyl fotball

Årsmøte i LIL

               

 

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Larsnes I.L.

 

Tirsdag  26.02.12 – kl. 19.30 - på Breidablikloftet.

 

Sakliste

  1. 1.    Godkjenning av innkalling
  2. 2.    Val av ordstyrar og 2 til å skrive under protokoll
  3. 3.    Medlemskontigent
  4. 4.    Budsjett/Rekneskap
  5. 5.    Val
  6. 6.    Tillitsvald i laget – trenar og godskriving av år
  7. 7.    Fleirbrukshall – status
  8. 8.    75-års markering

 

Forslag frå medlemmane om saker ein ynskjer å ta opp, vert å sende til Larsnes IL ved Sæbjørn Myklebust

 

 

 

 

Årsmøte i Larsnes IL

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Larsnes I.L.

 

Fredag 02.03.12 – kl. 19.30 - på Breidablik.

 

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling

  2. Val av ordstyrar og 2 til å skrive under protokoll

  3. Medlemskontigent

  4. Budsjett

  5. Val

  6. Tillitsvald i laget – trenar og godskriving av år

  7. Fleirbrukshall – status

 

Forslag frå medlemmane om saker ein ynskjer å ta opp, vert å sende til Larsnes IL ved

leiar Kjell Martin vikene 

 

Årsfest i Larsnes IL 

Det vert lagt opp til eit sosialt arrangement fredag 2 mars kl.18 på Breidablik. Dette startar kl.18 og varer fram til kl.19.30 då vi legg inn årsmøte for idrettslaget. Om lag kl.21 forsetter arrangementet

 

Program

Åpning

Presentasjon av nytt Lil antrekk

Trim –Utmerkingar

Idrettsskule

Årsmøte

Fotball –Presentasjon av lag sesong 2012

Sosialt arrangement

|

Årsmøte pågår

09022011202.jpg

Årsmøte i LIL er ikkje avslutta. Det var ikkje mogeleg å gjennomføre val sist onsdag. Det manglar kandidatar til sentrale verv. Årsmøte sette ned ei ny nemnd. Val er sett til å gjennomførast onsdag 09. mars.

Nye tillitsvalde inn no er: Monica Hammer Gaustad erstattar John Harald Ristesund på økonomi hovudstyret. Atle Beitveit kjem inn i trim. Anne Marit Riise og Guro Rovde inn på kiosk i anlegg. Det er gjort nokre omrokkeringar: Oddbjørn Indregård er leiar i idrettskulen, Thomas Oksavik er medlem i fotball.

Årmøte støtter vidare arbeid med hallplanar.

Handlingsplan, årsmeldingar, budsjett og rekneskap vart godkjent.

Årsmøte gjekk for å kjøpe ny grasklippar som har vore etterspurt i fleire år.

Fleire hadde funne vegen til årsavslutting på Beidablik. Utmerkingar for tillitsverv gjekk til Andre Leikanger for 5 år.

Øyvind Grønnevik og Torbjørn Rekdal jr fekk pris for årets LIL for deira engasjement i islegging i 2010.

Alle aktive i fotball fekk utdelt diplomar og anna heider.

LIL takkar alle trenarar og tillitsvalde for innsatsen i 2010.

Nytt frå LIL

  • Årsmøte er sett til onsdag 09.02 kl 20.00. Meir info kjem!
  • Årsmarkering med utdeling og kaffi 09.02. Meir info kjem!
  • Valnemda jobber med å få nye tillitsvalde på plass. Styret håper det er mange som er villige til å ta på seg verv. Det er fleire leiarfunksjonar som er ledige.

Følg Sandemessa på facebook

sandemessa720.jpg

 

No kan du følge Sandemessa på facebook!

Søk opp Sandemessa på facebook eller skriv inn nettadressa!

facebook.com/pages/Larsnes-Norway/Sandemessa/101258346612157

|

Standar - Sandemessa

Sparebanken Møre - messebank

Eiken Libris - bokhandel

Egset Ventilasjon - varmepumpe, aircondition

Roger Endal - smultringer

Liv Runde - parfyme, smykker

Fagverktøy Ulsteinvik AS - verktøy, snøfresarar m.m

Sande Sogelag - utstilling og sal av gamle tidsskrift

Bjørn Jansen - huer, caps, smykker, sverd

Kristine Pettersen/Merete Bakken - aloe-vera produkt

Helsebutikken AS - helseprodukt, undertøy, sko m.m

Kafe Kuling - bok-kafe

Glasbua - Glasprodukt, smykker

Caroline Kvalen - Glasprodukt, julepynt

Solveig Jøsok - lefser

Njardar - sild og fiskeprodukt

Brenda Koers - luftforfrisknar, aromaterapi

Safe Support - våpenskap, brannsikre skap

Vestre Sunnmøre Birøktarlag - honning

Perfect Home - interiørartiklar, lykter m.m

Thor Clausen - godteri og leiketøy

Bacalaofabrikken - fiskeprodukt

Humborstad - kjøt, sylteflesk, fårerull m.m

Garnbutikken - informasjonsstand

Harry Hansen - luft-/vassrensing

Helga Flatøy - maleri og hattar

Partylife - høgkvalitetslys, stakar m.m

NHF - handikaplag

Lindis Eliassen - tupperware

Larsnes Idrottslag - informasjon og sal av overtrekk

NAF - informasjonsstand

Bente Sæter - leiketøy, strikka kle

Brito Spekemat - spekepølser, spekemat

Bamselotteri, Tinglotteri, Restaurant, Speaker, Servicekontor, Underaldning, Juleverkstad, Mediatek

Program - Sandemessa

Laurdag:

12:00 Sandemessa 2010 åpnar

12.15 Scena: HML Varden spelar

13.00 Mediateket: Sande sogelag presenterar Larsnes-bilde

13.30 Scena: Hege Norman i uformell prat med Morten Schakenda

16.00 Mediateket: Morten Schakenda, foredrag med mulege smaksprøver

18.00 Sandemessa 2010 stenger

 

Søndag:

12.00 Sandemessa 2010 opnar

13.00 Mediateket: Per Sandanger held foredrag om gamle ord og uttrykk

14.00 Mediateket: Foredrag ved John Roald Pettersen om turar i Sunnmørsfjella

15.00 Scena: Dansegruppa Awoso Crew frå Herøy underheld

15.30 Scena: Fru Brus med gamle slagerar

17.00 Scena: Utdeling av Kulturprisen for Sande kommune 2010. Kåring av beste stand. Trekning av gratislotteriet

18.00 Sandemessa 2010 stenger

Meny - Sandemessa

Meny:

Rømmegraut kr 70,-

Kjøtkaker m/tilbehør kr 95

Kald laks m/tilbehør kr 95,-

Lasagne kr 80,-

Kaker, svele, kaffi, brus og pølser

Sandemessa 2010

Årets Sandemesse går av stabelen 20 og 21 november på Breidablikk og skulen. Informasjon om messa vil i år verte oppdatert her på larsnes.no

Planlegginga av Sandemessa 2010 er godt igong, og organisasjonen er som følger:

Leiarar: Kjell Martin Vikene og Harald Sætre

Rigg: Atle Beitveit

Økonomi: Gro Haugen

Kultur: Ragnhild Helle Dalen

Parkering: Sæbjørn Myklebust

Web: Thomas Oksavik

Stand: Kjell Martin Vikene og Harald Sætre

Kjøkken: Tor Egil Gulbrandsen

Annonse: Oddbjørn Indregård

Juleverkstad: Margunn Rekdal

Lotteri: Klubb

Vi treng mange hjelparar for å arrangere Sandemessa, og oppfordrer alle til å villig stille opp dersom  ein vert spurt. Dette er eit svært viktig arrangement for bygda.

Klubbantrekk

Under landsbylaurdagen 11 september vil det verte anledning til å bestille klubbgensar og overtrekksdrakt. Vi vil ha alle størrelser tilgjengelig på LIL sin stand. Dette vert siste sjanse i år for å bestille klubbantrekk. Dersom de ynskjer å bestille, men ikkje er her neste laurdag kan dykk kontakte Thomas på e-post t_oksavik@tussa.com

Prisar: Gensar: 350 (barnestørrelsar), 425 (vaksne)

Overtrekksdrakt: 500 (barn), 800 (vaksne)

Navnetrykk kostar 50 kroner ekstra.

NB! Det kreves eit visst antal bestillingar totalt for at den vert iverksett grunna trykkekostnadar, so håper mange ynskjer å bestille.

Medlemskontigent

Larsnes IL oppmoder bygda sitt folk om å støtte Larsnes IL med å vere medlem.

200 kroner familie

100 kroner vaksen

75 kroner barn

Alle som er aktive må vere medlem i laget.

Alle har fått giro i postkassa!

Tilskotet er med på å halde liv i fotballbanene på Larsnes og det kan bidra til å sette i gong nye prosjekt td utviding av gymsal.

Bruk av gymsal

Larsnes IL leiger gymsal til bruk for ulike treningar gjennom året. Både trim, fotball og idrettsskule er aktørar.

Vi ber alle som bruker gymsalen om å låse etter seg og låse under aktiviteten. Nøklar må du halde orden på og dei skal ikkje lånast ut til andre.

Privat leige må ordnast med skulen.

Det er desverre slik at det nokon som har glede av å rote til i garderobe og sal som vi som lag ikkje vil vere ved. Vi ber alle våre om å rydde opp slik at vi har ein fin standard på våre treningslokaler.

Frist for bestilling av klubbantrekk

Frist for bestilling av klubbantrekk frå Larsnes IL er fredag 9.april.

Bestilling skjer på Apollo.

Bestilling av klubbantrekk

Då er det igjen mulig å ta opp bestilling på klubbgenser og overtrekksdrakter. Listene ligg nede på apollo og vert samla inn fredagen etter påske (9.april).

Klubbgenser:

Vaksenstørrelse: 425,-   (475,- med navnetrykk)

Barnestørrelse: 350,-   (400,- med navnetrykk)

 

Overtrekksdrakt:

Vaksenstørrelse:  800,- (850,- med navnetrykk)

Barnestørrelse: 500,- (550,- med navnetrykk)

Baneklipping

Det er levert dugnadsliste til dei som skal klippe bana i 2009. Det er fint om vi byter inbyrdes om det ikkje passar å slå bana den aktuelle veka.Kontakt Kjell Skoge  ved problem med klipparen.

 

klippeliste_2009.wps

Henting av klubbantrekk

Klubbantrekka som vart bestilt etter Sandemessa vert henta i morgon og levert på Apollo ca 16:15 i morgon. Dermed kan dei hentast anten i morgon like før stengetid eller på lisjejulafta, og vil vere klare til julaftan som vi håpte på.

 

1234Neste