Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Utekonsert i Larsnes sentrum.

SPELING_JUNI_2011.JPG

HML Varden held utekonsert i Larsnes sentrum laurdag 16.06.12 kl. 1600

I strålande solskin (!) riggar vi oss til i landsbyparken (mellom Nyglå og butikkane) og spelar feiande flott korpsmusikk til alle som vil høyre på.

Anten du vil høyre på oss "berre i forbifarta" eller vi slå deg ned ein halvtimes tid, er du hjarteleg velkomen !

HML Varden har gjort det til ein tradisjon å avslutte med ein slik konsert før sommarferien. Deretter vert det matykt for korpsmedlemane. I og med vi framleis feirar at HML Varden er 60 år i år, vil vi legge matykta til Breidablik i år. Der vert det servert "dei lekraste rettar".........

VEL MØTT !

Fantastisk flott 60-års-feiring !!

HML Varden er særs godt nøgde med "gebursdagsselskapet" vi arrangerte i høve våre 60 år som korps.

Framfor alt er vi svært glade for at so mykje folk ville vere med på feiringa ! Nærare 200 gjestar fann vegen til Breidablik søndag 18.mars, og vi håpar alle hadde ei hyggjeleg stund i lag med oss.

Vi er også storleg overraska og glade for gåvene og helsingane vi mottok. Vi takkar so mykje til fylgjande :

Safe Sea AS

Haugen Fargehandel AS

O. Hatlebrekke Transport

Malermester Harald Haugen AS

Hjelle Data (Per Arne Hjelle)

Vika Kro

Arthur Vestnes AS

Larsnes Mek. Verkstad AS

Byggfag Sande, Håkon Longva AS

Revisorgruppen Møre AS

Breivik Kalkverk AS

Vestlandsnytt AS

Byggmeister Rune Slettestøl AS

Larsnes Last og Buss AS

Sande Frisørsalong AS

Volda Solsenter AS (Brun og Blid v/Jarleif Knotten)

Coop Marked Larsnes

Joker Larsnes

Larsnes Helselag

Sande Kommune

Gursken Skulekorps

 

Tilsaman mottok vi pengegåver til ein verdi av kr. 40500, samt blomsterhelsing.

 

HJARTELEG TAKK !!

Hornmusikklaget Varden feirar 60 år !

dsc_0027.jpg

Søndag 18. mars 2012 kl. 1700 vert det arrangert gratis jubileumskonsert på Breidablik.

Her vil korpset vise seg frå si beste side og i full breidde. Vi tel i dag 30 medlemar og vil tilbyde eit variert og rikhaldig musikalsk program og historisk attersyn i ord og bilete. Sjølvsagt vert det servert stor gebursdagskake, saft og kaffi.

Konserten er ei yting attende for god oppslutnad og interesse for korpset i alle år i bygdene Skredestranda, Hallebygda og Larsnes. HML Varden ynskjer alle hjarteleg velkomne til feiringa og håpar på fullt hus på Breidablik.

Sjå vedlagde plakat !

plakat_60__rs_jubileum.pdf

Vellukka julenattinè i Larsnes Kyrkje

HML Varden takkar deltakarar og publikum for ein hyggjeleg førjulskveld i Larsnes Kyrkje den 17.12.11.

Det vart samla inn kr. 4654,5 i kollekt som uavkorta går til Larsnes Kyrkje.

God Jul !

Julenattinè i Larsnes Kyrkje

Laurdag 17.12.11 kl. 20:00. Arrangør er HML Varden

HML Varden byd med seg Storegruppa i Småtroll, Ytre Gurskøen TenSing og Sande Kantori til Julenattinè i Larsnes Kyrkje.

Ta ein pause frå julestria denne laurdagskvelden og nyt variert julemusikk i lag med vener og kjende.

Det er gratis inngong, men det vert teke opp kollekt som i si heilheit vil gå til Larsnes Kyrkje.

Julegrantenning og adventskaffi søndag 04.12.11

1259523027000_fakkeltog_alv_en__293557551091.jpg

Kl. 1500 : HML Varden spelar på Haugatun

Kl. 1530 : Julegrantenning ved Sandetun

Kl. 1600 : Adventskaffi på Breidablik, med sal av lynlodd

HML Varden og Sandetun byd bygdafolket til julegrantenning ved Sandetun søndag 04.12.11 kl. 1530.

Etterpå vert det adventskaffi på Breidablik. Her spelar HML Varden julesongar og elevar frå Kulturskulen vil synge for oss.

Det vert servert julebrød, peparkaker og kaffi, samt nissepakkar....... Det vert også sal av lynlodd.

Vi håpar på ei hyggjeleg stund fram til kl. 1730, og ynskjer alle hjarteleg velkomne !!

HML Varden 60 år

STEINNES_0236_VARDEN.JPG

I 2012 har HML Varden 60-års-jubileum. Det skal feirast med jubileumskonsert 18. mars 2012 (dato kan verte endra).

I det høvet vonar vi på litt hjelp frå publikum : 

Til ein presentasjon av korpset si lange historie ynskjer vi tilgong til bilete/filmar som måtte vere i folk sitt arkiv. Alle bilete/filmar som har tilknytning til korpset sine aktivitetar og medlemar er av interesse. Materialet vert å returnere til eigaren etter kopiering.

Dersom du har noko slikt, og vil dele det med oss, ver venleg å kontakte Sindre Brune på tlf. 700 28 244 / 951 16 397.

På jubileumskonserten i mars skal HML Varden sjølvsagt også spele eit variert program frå korpset sitt arkiv. Dersom du hugsar stykke som har vore spelt i eldre eller nyare tid, kan du kome med ynskje om at dette vert framført på konserten. Ynskjer du å vere anonym i høve til forslag, vert det respektert.

Send ditt ynskje på e-post : helga.saetre@tussa.com, eller på sms til 450 52 695. Dersom du ikkje hugsar tittelen på stykket, kan du ringe ovanfor nemde mob.nr. og synge ei strofe. Då finn vi nok ut av kva stykke du meinar......:-)

Dersom vi skal rekke å lage ein flott presentasjon, samt øve inn ynskjer, må vi ha bilete og konsertprogram klart innan 15. november 2011.

Musikkafè på Leikong

Sundag 10. april kl. 1600 vert det stor musikkafè på Leikong Grendahus. Arrangør er Leikong Grendahus.

Fleire korps frå Sande skal delta : Sandsøy Hornmusikk, Kvamsøy Hornmusikk og HML Varden. I tillegg skal Herøy Janitsjar delta.

Det vert sal av mat, kaffi og lodd. Vi håpar på mykje folk på arrangementet, også frå Sande......

Sjå vedlagt plakat.

plakat_leikong.pdf

Julegrantenning og adventskaffi

1259523027000_fakkeltog_alv_en__2935575510572.jpg

Søndag 05.12.10

Kl. 1500 : HML Varden spelar på Haugatun

Kl. 1530 : Julegrantenning ved Sandetun

Kl. 1600 : Adventskaffi på Breidablik med sal av lynlodd

HML Varden og Sandetun byd bygdafolket til julegrantenning ved Sandetun søndag 05.12.10 kl. 1530.

Etterpå vert det adventskaffi på Breidablik. Her spelar HML Varden julesongar, aspirantane skal "vise seg fram" for fyrste gong og songelevar frå Kulturskulen skal synge for oss.

I tillegg vert det servert julebrød, peparkaker og kaffi, samt nissepakkar......Det vert også sal av lynlodd.

Vi håpar på ei hyggjeleg stund fram til kl. 1730, og ynskjer alle hjarteleg velkomne !!

Nye aspirantar i HML Varden

aspirantar_2010_001.jpg

Ivrige og læreviljuge aspirantar øver på Larsnes skule

Julegran og adventskaffi

Det er ikkje lenge til jul............ HML Varden har sett av søndag 5. desember til julegrantenning og adventskaffi på Breidablik.

Meir informasjon vil kome etterkvart.

HML Varden startar oppatt etter sommarferien

Etter ein lang sommarferie er truleg dei fleste meir enn klar til å starte øvingane i HML Varden.

Mandag 23.08.10 kl. 1930 bles vi i gong for full musikk på Larsnes skule. Alle er hjarteleg velkomne, nye som gamle medlemar.

Aspirantane startar oppatt same dag kl. 1800

Nye aspirantar (vi håpar der er nokre) kan melde si interesse til Helga-Kristin Sætre på mob. : 45052695 innan 27.08.10. Øvingar med desse startar 06.09.10 kl 1800-1915 på Larsnes skule.

Gratis utekonsert med HML Varden

juni_2009_005.jpg

19.06.10 kl. 1500 i Larsnes Sentrum.

Tradisjonen tru held HML Varden utekonsert i strålande solskin ved butikkane i Larsnes sentrum laurdag den 19.06.10 kl. 1500.

Det vert variert musikk frå vårt rikhaldige reportoar. Truleg vert det ein liten pause i ykta, der det kan verte mogleg å kjøpe lodd (?), samt at interesserte kan setje seg på liste for å verte medlemar i korpset frå hausten av.

Dette er avslutningskonsert før sommarferien og vi ynskjer alle velkomne, anten de er på handlerunde eller vil kome eins ærend.........spesielt dersom det er eit musikkstykke vi har spela i år som du vil høyre ein gong til. Det KAN vere at den vert bytta ut med eit anna til hausten........

For korpsmedlemane (gjerne med fylgje) vert det ei matykt etter konserten. Denne vert, som vanleg, på Tannstad. Ta med stol :-)

Konsert-kafè med Herøy Brass og HML Varden, søndag 18.04.12 kl. 1700

"Retur"arrangement på Moldtustranda

HML Varden arrangerte hausten 2009 konsert-kafè på Breidablik der Herøyhorn var gjestekorps. No er det tid for "igjenytelse". Herøy Brass (tidl.Herøyhorn) inviterer HML Varden som gjestekorps på tilsvarande arrangement på Moldtustranda grendahus.

Søndag 18.04.12 kl. 1700 vert det altså mogleg å ta søndagskaffien på Moldtustranda grendahus, med feiande korpsmusikk til frå dei to korpsa.

Det vert både fellesframføring og avdelingar med dei einskilde korpsa. I tillegg vert det sal av kaffi og kaker.

Ta turen til Moldtustranda og støtt opp om lokal korpsaktivitet.

Adventskaffi med HML Varden

Søndag den 6. desember kl 1600 vert det, tradisjonen tru, adventskaffi på Breidablik.

HML Varden og aspirantane spelar julesongar, og Småtroll syng julesongar.

I tillegg vert det servert julebrød til kaffien og sal av lynlodd og tombola. Kanskje kjem julenissen også..............:-)

Det heile startar imidlertid med tending av julegrana ved Sandetun kl. 1530 (Arr.: Sandetun).

Konsert-kafè med Herøyhorn og HML Varden

Søndag den 15.11.09 kl. 1700 vert det høve til ei hyggjeleg stund på Breidablik.

Det vert servert mykje hornmusikk med dei to korpsa, både i lag og kvar for seg, i to avdelingar.

Det kostar deg ikkje noko å kome inn, men vi håpar du har lyst å støtte oss med kjøp av både kaffe, kaker og lodd.

Det du kan vinne på lyn-lodd er gevinstar betalt av Byggfag Sande /Håkon Longva AS, Byggmeister Rune Slettestøl AS og Larsnes Last og Buss AS.

VEL MØTT !

HML Varden og Herøyhorn

HML Varden og Herøyhorn samarbeider om konsertar. Den fyrste vert arrangert på Breidablik søndag den 15. november 2009. Den neste i Herøy, ut på ny-året.

Det vert både fellesnummer og ei avdeling på kvart korps. I pausen vert det sal av kaker, kaffe og lodd.

Vi kjem attende med detaljar om arrangementet om ikkje så lenge.......

Nye medlemar i HML Varden

bilde_av_guro_og_elin.jpg

Vi er svært nøgde med å kunne presentere to nye medlemar i Hornmusikklaget Varden no i haust :

Guro Hauge Rovde på flygelhorn og Elin Rekdal på splitter ny Eb Tuba.

Vi ynskjer dei hjarteleg velkomne !

HML Varden startar opp igjen etter ferien

HML Varden startar med øvingar, etter ferien, mandag den 17.08.09. kl. 2000 på Larsnes skule.

Alle gamle og nye medlemar er velkomne.

For dykk som har horn heime : husk å sjekke at ventilane glir lett, før øvinga.....:-)

Aspirantane startar øvingane mandag den 24.08.09 kl. 1845, på Larsnes skule

Varden øver

varden_1.jpg

Mandag er øvingskvelden for Varden. Har du vore i nærleiken av eit horn nokon gong, er du hjarteleg velkomen til å verte med å spele.

Vi ynskjer alle nye medlemar velkomne !