Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Årsmøte i Landsbyhuset Breidablik den 26.02.2013

Styret i foreininga Landsbyhuset Breidablik arrangerer årsmøte tysdag den 26.02.13 kl. 1900. Møtet vert halde på Breidablik.

Sjå vedlegg for sakliste.

Vel møtte til alle medlemane.

innkalling.pdf

Feel It 2012

web_990.jpg

Det nærmar seg med stormskritt !!!

Dinnershowet er utselt, men det er framleis billettar å få kjøpt til konserten kl. 1500.

Billettane kan kjøpast på : www.feelit2012.com, på Joker Larsnes eller ring 91318358.

Etter nesten eit års planlegging nærmar det seg no den STORE dagen !

Laurdag den 27.10.12 kl. 1500 "brakar det laust" med konsert og kl. 1930 startar "dinnershowet".

Vi trur, og håpar, at dette vert ei oppleving det er lenge sidan (om nokon gong i det heile) publikum har fått servert på Breidablik.

Landsbyhuset Breidablik er klargjort med "ny innreiing", kokkane er i ferd med å slipe knivane og betjeninga/servitørane skal dei neste dagane "trimmast" for å kunne yte den beste service.

Gamlebanken Scene har rigga eit lyd- og lysanlegg som vil setje Tussa på ei hard prøve og som garantert vil imponere dei frammøtte !! Men ver ikkje redde : Ingen skal gå heim med øyresus.

Musikarane og vokalistane i Feel It er  i hardtrening og lovar å prestere på sitt høgaste nivå. Dersom stemmeband, fingrar og lepper ikkje vert utsette for "angrep utanfrå" vert dette kvalitet frå ende til annan !!!

Landsbyhuset Breidablik, Gamlebanken Scene og Feel It ynskjer alle vel møtt til konsert og/eller dinnershow laurdag den 27.10.12 !!!

Teatret Vårt med barneteater på Larsnes !

hvit_ny.jpg

Sundag 11.11.2012 kl. 1400 på Breidablik

Teatret Vårt, som er regionteatret i Møre og Romsdal, kjem til Larsnes med framsyninga "Hvit" sundag den 11.11.2012.

Dette er ei populær framsyning for born i alderen 2-4 år, nyleg oversett til norsk. Framsyninga har hatt stor suksess i Storbritannia, USA og Australia. I sommar har framsyninga turnert i Kina og Japan, før den altso no kjem til Møre og Romsdal og Larsnes.

Sjå for meir informasjon : Teatret Vårt

Billettkjøp til framsyninga : Kjøp billettar her

Årsmøte i Breidablik den 21.02.2012

Styret i foreininga Landsbyhuset Breidablik arrangerer årsmøte den 21.02.12 kl. 1900. Møtet vert halde på Breidablik. Sjå vedlegg for sakliste.

Vel møtt til alle medlemane!

innkalling.pdf

Styret i foreininga Landsbyhuset Breidablik takkar !

2011 har vore eit år med mykje aktivitet på Breidablik. I det høvet ynskjer vi å rette takk til alle som har nytta huset.

I tillegg har det vore utført fleire dugnadar, der alle som har delteke fortjener stor takk. 

Ein del tiltak/gjeremål krev også finansielle midlar. Ei takk til bedrifter som har bidrege med slikt :

Sparebanken Møre med gåvemidlar på kr. 50 000

Pengegåver frå bedrifter :

Breivik Kalkverk AS, Larsnes Last og Buss AS, Per Arne Hjelle, Mat på Larsnes AS, Byggmeister Rune Slettestøl AS, Safe Sea AS, Larsnes Mek. Verkstad AS, Ove Hatlebrekke Lastebiltransport, S. Regnskap AS, Håkon Longva AS, Arthur Vestnes.

Larsnes Mek Verkstad har i tillegg gitt ei heilt ny varmepumpe.

Vi takkar hjarteleg !

Årsmøte i foreininga Landsbyhuset Breidablik skal haldast tirsdag den 21.02.2012. Oppslag om dette kjem med det fyrste.

Årsmøte i Breidablik

Det vert halde årsmøte i Breidablik tirsdag den 22.02.2010 kl. 1900 på Breidablik.

Vi oppmodar flest mogleg av andelseigarane om å møte, då bl.a. endring av organisasjonsform for Breidablik skal drøftast.

Styret vil også foreslå nye vedtekter tilpassa ny organisasjonsform.

Sjå vedlagde innkalling og orientering om endring av organisasjonsform :

info_endring_organisasjonsform.pdf
innkalling.pdf

Stor dugnad på Breidablik

Styret i Landsbyhuset Breidablik har sett i gong med fornying av kjøkenet på Breidablik. Noko nytt utstyr er innkjøpt og noko skal pussast opp.

Sparebanken Møre har gitt kr. 50000 i gåvemidlar til dette prosjektet. Det er vi takksame for ! I tillegg har styret planar om å vende seg til lokalt næringsliv for kanskje å få litt sponsormidlar.

Dugnaden vert utført av medlemar i styret, med god hjelp frå fagfolk ettersom det er naudsynt. Vi håpar at dei som vert spurde/kalla inn viser velvilje og stiller. So langt har dette gått "smertefritt".

Dersom du har lyst å bidra, men ikkje har høyrt noko frå oss, kan du vende deg til Harald eller Tor-Egil på tlf. : 91318358 el. 95987118.

Montering av nytt utstyr
Montering av nytt utstyr

Nytt frå Breidablik

Breidablik på larsnes.no !

No kan folk i bygda halde seg orientert om aktivitetar på samlingshuset Breidablik via larsnes.no Under fana "Rundt bålet" har Breidablik diverse informasjon. Bl.a utleigekalendar. Her kan du finne ut om huset er ledig, eller sjå kva arrangement som er planlagt. Kanskje noko du har lyst å gå på ?

Vi har også lagt ut informasjon om styret og e-postadresse. Etterkvart kjem det meir..........