Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik. Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre.
Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur.
Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.
I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake. Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset.
Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna. Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg.
Eg spør Toril kva ynskjer ho har for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde. Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner.
Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17
17:04