Kontakt oss
post@larsnes.no

"Virkelig visdom er å vite hva en ikke vet." Sokrates

 


Vinterferie

Og styggstygt ver, men det er berre dårleg...

Typisk innever, så kanskje du kan ta pennen fatt, eller lage noko moro som vi kan pryde Larsnessida med. 

Minner om årsmøte i Breidablik i morgon 21. Sjå oppslag!

Larsnes skule på nrk i dag

Larsnes skule er PALS skule

Vil du sjå kor dei har det på Larsnes skule, gå til 

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/827362/

 

Eit trygt læringsmiljø er kjenneteikna av tydelege forventningar til sosiale og skulefaglege kompetansemål og positiv åtferd. PALS utviklar og byggjer eit godt læringsmiljø for alle i skulen: Elevar, tilsette, leiing og foreldre gjennom positiv handling og deltaking.

PALS står for postiv åtferd støttande læringsmiljø og samhandling.

Årsmøte i Larsnes IL

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Larsnes I.L.

 

Fredag 02.03.12 – kl. 19.30 - på Breidablik.

 

Sakliste

  1. Godkjenning av innkalling

  2. Val av ordstyrar og 2 til å skrive under protokoll

  3. Medlemskontigent

  4. Budsjett

  5. Val

  6. Tillitsvald i laget – trenar og godskriving av år

  7. Fleirbrukshall – status

 

Forslag frå medlemmane om saker ein ynskjer å ta opp, vert å sende til Larsnes IL ved

leiar Kjell Martin vikene 

 

Årsfest i Larsnes IL 

Det vert lagt opp til eit sosialt arrangement fredag 2 mars kl.18 på Breidablik. Dette startar kl.18 og varer fram til kl.19.30 då vi legg inn årsmøte for idrettslaget. Om lag kl.21 forsetter arrangementet

 

Program

Ã…pning

Presentasjon av nytt Lil antrekk

Trim –Utmerkingar

Idrettsskule

Årsmøte

Fotball –Presentasjon av lag sesong 2012

Sosialt arrangement

|Mer

Årsmøte i Breidablik den 21.02.2012

Styret i foreininga Landsbyhuset Breidablik arrangerer årsmøte den 21.02.12 kl. 1900. Møtet vert halde på Breidablik. Sjå vedlegg for sakliste.

Vel møtt til alle medlemane!

Sirkus i landsbyen

Johannes, Hermann og Ludvik

I går kveld stod  sirkus Zorba for kulturtilbodet på Larsnes.

Framande lukter, popkorn og høgt tempo stod på programmet denne gongen også. Tre gutar på heimveg sa at det som var mest spennande var ei dame som sjonglerte med hendene og føtene samtidig. Ja, og så var det ei lita jente som imponerte når det var brukt trapes (vippe) og ho landa som nr tre på skuldrande til nr 2. 

Følg på...

Ny veke har gått, og neste helg er vi komne til februar. Tida går eller kjem. Ja,ja, det er i alle fall 338 dagar igjen av året.  Lite snø har det vore og lite i vente skal vi tru yr. Dei neste 8 dagane ser ut til å vere nedbørsfri, og sola skal vere framme i fleire av dei. Temperaturen vil bevege seg på ned på blåsida. MEN DET ER BERRE Å TA PÅ SEG HUE OG TA TUREN UT!

Skal tru kva denne dagen bringer? Vi veit kva som skjedde med romfergen Challenger i 1986. På denne dagen i 1958 fekk ein gigant patent på noko som fins i heimen til kvar einaste familie. KVA ER DET?

Vil du vere med på å prege larsnes.no. Fortell ei historie, ta eit bilde, send ei helsing, så er du velkomen!!!

Etter kalendaren å døme skjer det litt i bygd eller lite? Kyrkjeaktivitetar, fotballtrening, kino og ei kulturmønstring har vore publisert. Dette er ei oppmoding om å følgje opp...  Ingen ting er for lite og ingen ting er for stort. Det er plass til det meste. Mange har tilgang og hjelp får du dersom du tek kontakt. 

God reklame

Nrk innslag i går 31.01.12

Håkon som bygger hus, sjå på

http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/295358/

PÃ¥melding til UKM Sande

"UKM er en av landets største offentlige satsninger på ungdomskultur, og har pågått siden 1985. UKM er ingen konkurranse. Juryens utvelgelse skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og de utvalgte deltakerne skal speile bredden i den lokale mønstringen. Premien for de som går videre er å få stå på en enda større scene, og treffe ungdommer fra andre deler av landet. Noen får også mulighet til å representere UKM som ambassadører utenfor landets grenser".

Tid og stad: Breidablik, Larsnes
Starter 21.01 kl 17:00

Meld deg på UKM Sande her!

|Mer

Zumba

Marita T.V. Refsnes starta opp igjen med zumba i gymsalen ved Gursken oppvekstsenter onsdagar i veke 2.

 

PÃ¥ trening

Laurdagskveld, mørkt og litt guffent yr i lufta, men likevel mange ungdomar samla til trening på kunstgrasbana. Kanskje fleire skulle ha gjort det same!

HUSK REFLEKS NÅR DU ER UTE I KVELDSMØRKET!

Bruk av Larsnes.no

Lag og organisasjonar brukar sida gratis. Det gjeld larsnes il, Breidablik, NHF Sande, Halletun, Småtroll, Hallebygda småbåthamn, Gamlebanken sine vener, Drageskaret danselag, grendalag og sogelag. Gløymt passord kan fornyast. Husk å oppdatere om kontaktpersonar og aktivitetar. 

Næringslivet kan nytte sida.

Andre kan sende inn bidrag til post@larsnes.no.

Tips om aktuelt stoff kan sendast på sms 99419562.

Julenattinè i Larsnes Kyrkje

Laurdag 17.12.11 kl. 20:00. Arrangør er HML Varden

HML Varden byd med seg Storegruppa i Småtroll, Ytre Gurskøen TenSing og Sande Kantori til Julenattinè i Larsnes Kyrkje.

Ta ein pause frå julestria denne laurdagskvelden og nyt variert julemusikk i lag med vener og kjende.

Det er gratis inngong, men det vert teke opp kollekt som i si heilheit vil gå til Larsnes Kyrkje.

Glatte vegar

Køyr forsiktig og ta det med ro på vegane!

Julegrantenning og adventskaffi søndag 04.12.11

Kl. 1500 : HML Varden spelar på Haugatun

Kl. 1530 : Julegrantenning ved Sandetun

Kl. 1600 : Adventskaffi på Breidablik, med sal av lynlodd

HML Varden og Sandetun byd bygdafolket til julegrantenning ved Sandetun søndag 04.12.11 kl. 1530.

Etterpå vert det adventskaffi på Breidablik. Her spelar HML Varden julesongar og elevar frå Kulturskulen vil synge for oss.

Det vert servert julebrød, peparkaker og kaffi, samt nissepakkar....... Det vert også sal av lynlodd.

Vi håpar på ei hyggjeleg stund fram til kl. 1730, og ynskjer alle hjarteleg velkomne !!

Bilder til å pryde

Vi vil gjerne pryde larsnes.no med fine førjulsbilder. Bruk post@larsnes.no og send inn eit bidrag!

Tusen takk!

Sandemesselotteriet takkar alle som støtta oss gjennom loddkjøp, vi takkar bygdefolket som leverte gevinstar og vi takkar bedriftene som gav oss gevinstar og pengar:

Breivik Kalkverk

Vika Kro

Coop Marked Larsnes

Joker Larsnes

Haugen Fargehandel

Sparebanken Møre avd Larsnes

Sande Frisør

HÃ¥kon Longva AS

Larsnes Last og Buss

Larsnes Mek

Byggmester Rune Slettestøl

YX Larsnes

O Hatlebrekke Transport

Rørservice Ulsteinvik

Hjelle Data

Safe Sea AS

Anne Marthe Ekrem

Bjarne Kvalen

Sandemessa

Open frå 12.00 - 18.00 laurdag 19 og søndag 20

I dag held Gunda Djupvik foredragog gir koketips kl 13.00

Microkvintetten held plateslepp kl 14.00

Johan Ottesen held foredrag om båtar med historie kl 14.30

Cupmeistarar frå Aafk besøkjer messa kl 15.00

Mannekengoppvisning av Ko.ko kolleksjonen kl 17.00

TA MIDDAGEN PÃ… SANDEMESSA

Sjå meir omtale i lokalavisene


1