Første sommardagen!
Klokka er no over åtte om kvelden - og framleis sit vi ute! |
Sjøv om mange vakna til regn pinseaftas morgon 18. mai, så vart det ein flott dag! Første sommardagen, sa mange! Kjekt å sjå at det var aktivitet på fjorden, kjekt å høyre at motorplenklipparane var i sving, kjekt å høyre småfuglane, godt å vere til!!! Ja, første sommardagen! Og; - yr.no melder endå flottare ver i morgon! Kan det vere muleg!
Landsby-17.mai - III
Like før toget tek av ved skulekrysset! |
Ja, ein strålande landsby-17.mai! Masse folk, langt tog, full guffe på idrettsplassen, mat på Breidablik og ein kjempefest på Breidablik med godt program! Vi fekk høyre "Småtroll, HML "Varden", festtalar Jon Magne Løvberg, songruppe og festen vart avslutta med eit strålande opplagt skulekor! Takk til 17.mai-komiteen! Godt jobba!
Landsby- 17. mai - II
Sandra Riise Knotten og Marie Bjerkvik heldt ein strålande appell ved Sandetun!
Landsby-17.mai - I
Kjempeoppmøte i landsbyen 17. mai i 2013!! Fullt med folk frå første stund! Herleg! Plassen framfor Sandetun var heilt full!
17.mai i landsbyen
Landsbyen er klar til feiring! Flagget er heist ved landsbyskulen og landsbyhuset Breidablik! Det er her oppe i mesteparten av aktiviteten i landsbyen skal skje denne dagen! Gratulerer med dagen til alle!!
Men HML "Varden" starta allereie dagen med flaggheising på Sandetun. Deira program er å vere med på feiringa på Skredestranda før folketoget i på Larsnes som startar frå kyrkja. Det er fint ver, så vi håper på fin feiring og godt oppmøte!
Fjelltur 2. pinsedag
2. pinsedag etter utegudstenesta på Knottahornet som begynner kl 13.00
Ca kl 14.00 går turen vidare til Svedahornet, Gapahuken og Grøthornet.
Ta med mat og drikke og det som elles måtte friste. Vi tek matpause ved Gapahuken og løyser nokre verdensproblem før vi tek turen vidare.
Aktiv Gym
David demostrerar korleis |
130 har tinga seg medlemskap.
David Andersen fortel at dei gjerne vil ha fleire medlemmar.
Eit medlemskap kostar 299 kroner i månaden i tillegg til eit etableringsgebyr.
Du kan du trene 7 dagar i veka mellom kl 05.00 - 23.00.
For den som ikkje har medlemskap kan det ordnast 4 dagar i veka når det er betjent.
Mandag 17.00 - 21.00
Tysdag 09.00 - 13.00
Onsdag 17.00 - 21.00
Torsdag 17.00 - 21.00
NYTT: På tysdagane er det ope på dagtid med Jesper som treningsveiledar.
Vi kjem med meir frå Aktiv Gym!
"SMÅTING"
Masse "småting" vert gjort i Landsbyen vår som folk flest ikkje ansar! Summen av "småting" vert fort litt større! Her er stor aktivitet på alle kantar og masse folk gjer "manns jobb"!
Snart har vi 17. mai - og alle veit at "Varden" har øva og øva - både juniorane og seniorane!! Det gjeld å øve, for HML "Varden" har blitt skikkleg flinke. I år er det "midtlandsbyen" som har ansvaret for 17.mai-feiringa! I gode hender! Samtidig er alle fotball-laga i aksjon - og det er ikkje få; vi har nesten 100 % deltaking av alle elevane på Larsnes skule. Slå den! Vi har aldersbestemte lag som slår Hødd! Det er ikkje lite! Sogelaget, arbeidet rundt kyrkja, ja, kven er ikkje på bana! Vi gler oss over tilflytting, og vi gler oss til "Sumarsamkome" 22. og 23. juni der alle partar i Landsbyen skal samarbeide! Ved samarbeid - skulder ved skulder - gjer at vi får ein betre stad å bu på ; ein betre stad for oppvekst for dei yngre, men også for alle oss landsbybuarar! Sjå elles på Larsnesvika kor fin den er blitt! Ta deg gjerne ein tur ned på Larsneset - poå "Kulturhaugen" - der biletet er teke!
PROGRAM 17. MAI
FLAGGHEISING KL 09,00
GUDSTENESTE KL 13,00
FOLKETOGET STILLER OPP KL 13.45
OPPSTART TOG KL 1400
LEIKAR OG AKTIVITETAR PÅ SKULEPLASSEN KL 15.00
FOLKEFEST PÅ BREIDABLIK KL 17.30
Det går i 100....
"Straumberg" ligg her på Holmekaia bak "Kings Bay". |
i alle fall for oss utanfrå. Eg siktar til nyebåtane på Larsnes Mek. ikkje før er "Eros" ferdig, før arbeidet på "Kings Bay" starta og no - før den skal overleverast, er enno ein båt komt, nemleg "Straumberg" - slepandes frå Polen. Det er eit Helgelandsrederi som har "bestilt" denne båten
Vi på Larsnes er utruleg stolte av det arbeidet Jarle & co legg ned for å skaffe arbeid i landsbyen. Det går i 100, ja, for "Straumberg" er byggenummer 51. Vi lurer no på når neste båt kjem slepandes?
Sumarssamkome '13
Set av jonsokhelga ; 22. og 23. juni!
Årvik fergeleie
Arbeidet held fram i Årvika. enno er det mykje som skal gjerast! Det ALLE undrar seg over er at ingen biloppstillingsplass skal lagast! Derfor vert eine køyrebana oppstillingsplass når ferjeleiet skal opne seinsommars! Og så vert det brukt 50 mill. kr på Årvik og Koparnes!
Fotball
Fotballsesongen er i gong for fleire lag i Landsbyen og for LGFK. Både Larsnes Fotball og LGFK har egne sider.
Sjå Larsnesfotball: http://www.kxweb.no/portal/theme/
organization/main.do;jsessionid=22DFC183623DCE004A0C6FC968ECFBD3?siteId=264
Sjå LGFK: http://lgfk.no/
Konfirmasjon
Frostnatt og blå himmel på morgonkvisten er lovande for konfirmantane og foreldra som skal feire konfirmasjon på Larsnes i dag.
LARSNES.NO GRATULERER!
Atter en barndom
Atter en barndom på hell
du står på kanten av et fjell.
Ved fjellets fot du fremtiden finner,
på fjellets topp er det gode minner.
På ferja
Mangt kan seiast om ferjetrafikken over Rovdefjorden no medan kaiene i Årvika og Koparneset vert oppgradert. Og ruta i staden skal samordnast med eksisterande rutetider i sambandet Larsnes- Åram.....Det har vore ferjekræsj, forsinka ferjeavgangar, alternative ruter i form av omdirrigeringar som vil seie ufrivillige turar til Voksa, mindre ferjer med fare for å ikkje kome med, vanskar med å legge til kai og kanskje enda meir. Eg sjølv har rukke både å vere frustrert og irritert. Sikkert ikkje berre enkelt å vere ferjemannskap heller med mange emosjonelle passasjerar. Av Margunn
På ferjeoverfarta i dag tek eg meg ein prat med alltid blide Ole Per for å høyre med han kor han opplever denne midlertidig ferjesituasjonen.
Han er billetør, eg får ein billett og så er samtala i gong.
Det viser seg at han virkeleg er "mr ferja", har jobba samahengande Årvika - Koparnes sidan 1978, difor ser han dette som eit fint avbrekk.Dette er vel det einaste seier om situasjonen.
Første gong han mønstra på var i 1968, då var ferjetrafikkering over Rovdefjorden relativt nytt. Eg trur han snakka om at det var kun to ferjer som hadde gått strekninga då han begynte, blant anna "Årvik" - det var den gongen ferjene kunne tok 8 - 9 bilar. Det var tider!
Han tok utdanning som bilmekanikar, men det vart ikkje den vegen. Med nytt hus var det meir å tene med å vere på ferja. Dessuten ligg det nok litt i genene, faren var skipper og jammen har ikkje dei eldste sønene Tore og Helge valt same veg. Tore som er på ferja her og Helge over Moldefjorden.
Ja, Ole Per trur at det etterkvart vil vere bruer og tunnellar over alle fjordar, ja så om 50 år er det ikkje behov for ferjer og ferjemannskap.
Han likar seg særs godt, det har vore ein samansveisa gjeng. Dei har turnusordning med to veker jobb og to veker fri. Når han jobbar er det 12 timar med vakter, først ei veke på natt og så ei på dag.
Ole Per fortel at det er sjømannspensjon når han jobbar på ferja, som han no har betalt inn på i 30 år. I mai er han 60 år. Larsnes.no nyttar høve: GRATULERER MED DEN KOMANDE DAGEN!!! Han kan då egentleg pensjonere seg, men det har han slett ikkje tenkt seg til med. Det er faktisk slik at han opplever å ha mykje fri sånn som det er i dag, og referer til at han har mange diskusjonar om arbeidstid med Anne Marit.
Ole Per må bytte billetten han har gitt meg, veit ikkje heilt kva det var. Eg takkar for turen. No skal eg ikkje den vegen før om 14 dagar...
SERIEOPNING I 3.DIVISJON
Laurdag 13. april var det serieopning i 3.divisjon på River Plate i Gursken der Sunndal - fjorårets trear , kom på besøk! Det var bitande kaldt - og spelte i første omgong varma heller ikkje. Derimot vart andre omgongen LGFK sin. Godt spel - som til slutt resulterte i eit flott mål av Christoffer Rekdal etter eit langskot frå 25 meter. På overtid klarte imidlertid Sunndal å øydeleggje gleda då dei utlikna til 1-1 - heilt ufortent, spør du meg! Førstkomande onsdag er det AaFK sin tur på River Plate då dei skal prøve å kome seg vidare i cupen!
STOR AKTIVITET - II
Det var yrande aktivitet på kunstgrasbana laurdag 13. april der LIL stod for helgas "Team Søre"-samling. Strålande ver for dei 50 spelarane og dei 30-40 voksne som var der - enten som instruktørar eller foreldre!
STOR AKTIVITET - I
Eit flott syn! Det er kjekt å sjå den store aktiviteten på Holmen! Rundt 140 arbeidarar er i sving på "Kings Bay"! I dag låg også siste nybygget "Eros" ved kai!
Ein prat med VIOLETA
Dagens prat er med Violeta Karanauskiene som bur oppå Gjerde saman med familien sin. Det var heilt tilfeldig at det vart Larsnes, ja, i det heile tatt Sande for familien. Familien kjem frå storbyen Vilnius; hovudstaden i Litauen – og så slår dei seg ned i den vesle landsbyen vår. Litt av ein overgong, skulle ein tru!
Sommaren2 006 besøkte familien søstra til Violeta – Kristina. Hoi bur i Sætrefeltet i Gursken saman med familien sin.. Ein ettermiddag sat dei ute og såg ned på Myklebust Verft . Då sa mannen til Violeta ; Ramonas: ”Der nede kunne eg ha tenkt meg å arbeide!”
Violeta trudde mannen tulla, men det var alvorleg meint og han fekk jobb og begynte i 2007.
Resten av familien kom sommaren 2008. Skulle berre bu her eit par-tre år, men ikkje så lenge etter vart det huskjøp. Noko tilfeldig at det vart Larsnes, men Anne Berit og Ståle skulle bygge hus på Kvalen , så dei kjøpte ”Kåre Gjerde”-huset oppå Gjerde.
Eldstejenta Urte går siste året på Larsnes skule og skal begynne i ungdomsskulen til hausten, minsten Marius, går i barnehagen, og Violeta sjølv arbeider som assistent på Larsnes skule.
- Kvifor Norge?
- Skulle besøke søstra mi Kristina då Ramunas såg Myklebust Verft og sa; her vil eg jobbe! Så spontant var det!
- Du pratar veldig godt norsk. Korleis har det gått til?
- Gjekk på språkkurs i Ulsteinvik fram til Marius vart fødd. Seinare var eg på arbeidslivspraksis, men ikkje minst no når eg jobbar fast i lag med masse nordmenn, har gjort at språket går betre! Men grammatikken er vanskeleg: Kan den teoretisk, men vanskeleg å bruke!
- Korleis er det å kome i kontakt med larsnesingar?
- Det er faktisk ikkje så stor forskjell på heime, men i Vilnius var det veldig mykje statussymbol. Her har vi veldig kjekke naboar – og gjennom arbeidet på skulen har eg vorte kjent med veldig mange ; alle elevane, mange foreldre og særleg dei tilsette! Veldig bra, ja, takka vere jobben på skulen!
- Korleis opplever de Larsnes?
- Flott natur, kjekke folk og trygt for ungane! Var i grunnen lei av byen. Vilnius er ein del større enn Bergen, ja, her er lite, men så flott å bu her! Ja, så likar Rasmunas godt å fiske – noko han ikkje kunne i Vilnius.
- Kvardagen i eit framandt land?
- Eg har ikkje så stor slekt i Lithauen; to besteforeldre og foreldra min! Eg har ei søster og ho bur i Gursken. Men vi har god kontakt heim gjennom Skype.
- Ofte heim?
- Ein gong i året for alle, men eg reiser to.
- Utdanning?
- Eg har master i litauisk litteratur, og så pedagogikk i tillegg. Trudde det skulle verte lettare å få seg jobb her, - bruke utdanninga mi! Men har søkt om norsk godkjenning av utdanninga mi, så kanskje!
- Tidlegare jobbar?
- Eg arbeidde som lærar på ein barneskule.
- Barneskulen i Lithauen kontra Norge?
- Stor skule og store klasser. Der eg arbeidde var det rundt 900 elevar. Eg trur ein liten skule som på Larsnes er mykje betre. Her kjenner alle tilsette alle elevane, og ikkje minst; det er trygt for alle. Ja, det er veldig lett å kome i kontakt både med elevane og dei voksne!
- Fagleg innhald?
- Heime var det meir teori og meir pugging – og eg syns matematikk låg på eit høgre nivå, men her er særleg faga engelsk, samfunnsfag og historie veldig godt.
- Hobby?
- Lesing og strikking, ja, så matlaging Likar også natur og reising.
- Musikk?
- Lyttar til litauisk musikk når eg er heime – særleg folkemusikk. Men eg likar veldig godt Beatles også!
- Vert de buandes her?
- Vert nok det, ja. Urte skal, seier ho, gå vidare på skule her!
Vi takkar Violeta for praten og ønskjer henne og familien lukke til vidare i landsbyen vår, for dei i eit framandt land!
KICK-OFF
Årets sesong, helsingar og presentasjonar var innhaldet på årets kick-off for LGFK laurdag 6. april på Breidablik!
Anders Vaagen representerte trenarane og fortalde litt om opplegget i år og årets satsing! Det var helsingar frå sponsorane ved Jarle Gunnarstein og Inge Johnny Hide, frå kommunen ved ordførar Dag Vaagen og frå Hødd ved Bård Dalen. Nyedraktene vart presenterte før det unge 2-arlaget som spelar i 6.divisjon vart presentert. Sist, men ikkje minst var spelarane på A-laget - på 3.dv.-laget - presentert! Det heile vart på ein lødig og god måte knytt saman av ein framifrå Odd Kåre Wiik! "Voldingane" avslutta kvelden med god musikk!
1 |
