Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

DSC_9809.JPG

KYRKJA I JULI

LARSNES KYRKJE

Søndag 1. juli kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Ole Brubakk og kantor Ines Vatne.  Nattverd.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

 

GURSKEN KYRKJE

Søndag 8. juli kl 11.00:  Gudstenste ved prestevikar Knut Gjengedal og kantor Ines Vatne.  Nattverd.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

 

HAUGSHOLMEN

Søndag 15. juli kl 13.00:  Friluftsgudsteneste ved prestevikar Kristian Myklebust og kantor Ines Vatne.  Ferje frå Larsnes kl 11.45, Åram kl 12.00 og Voksa kl 12.15. Skyssbåt frå Kvamsøya.  Sal av kaffi og mat.

 

SKOGEVATNET

Søndag 22. juli kl 14.00:  Friluftsgudsteneste ved prestevikar  Knut Gjengedal.  Musikk. 

 

SANDE KYRKJE - OLSOK

Søndag 29. juli kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Ines Vatne.  Nattverd.  Takkoffer til kyrjelydsarbeidet.

 

LARSNES KYRKJE - OLSOK

Søndag 29. juli kl 20.00:  Olsokgudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Ines Vatne.  Sal av rjomegraut, kaker og kaffi frå kl 18.30

 

 

Kyrkja i mai

HAUGETUN/SANDETUN

Tysdag 22.mai kl 10.30:  Andakt på Haugetun

Tysdag 22. mai kl 11.00: Andakt i 2. etg

Tysdag 22. mai kl 11.30: Andakt i 1. etg

 

LARSNES KYRKJE

Laurdag 5. mai kl 11.00:  Konfirmasjonsgudsteneste.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Ines Vatne. Martine A. Hauge, Håkon Vestnes og Guro H. Rovde.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Torsdag 10. mai kl 18.00:  Barnekoret "Småtroll" har øving.

Torsdag 17. mai kl 13.00:  Gudsteneste ved sokneprest Ole Brubakk og kantor Georg Notøy.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Tysdag 22. mai kl 17.45: Møte i trusopplæringsutvalet.

Onsdag 23. mai kl 19.30:  Sande Kantori har øving.

Torsdag  24. mai kl 18.00:  Møte i gudstenesteutvalet.

 

GURSKEN KYRKJE

Laurdag 5. mai kl 13.00:  Konfirmasjonsgudsteneste.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Ines Vatne.  Martine A. Hauge og Håkon Vestnes.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Torsdag 17. mai kl 11.30:  Gudsteneste ved sokneprest Ole Brubakk og kantor Georg Notøy.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Søndag 27. mai kl 11.00 (Pinsedag):  Messefall

 

KNOTTAHORNET

2. pinsedag kl 13.00:  Friluftsgudsteneste ved prestevikar Knut Gjengedal.  Musikk ved HML Varden.  Dåp.

 

 

 

Kyrkja veke 17

HAUGETUN

Tysdag 24. april kl 10.30:  Nattverdsgudsteneste

 

SANDETUN

Tysdag 24. april kl 11.00: Nattverdsgudsteneste i 1. etg

tysdag 24. april kl 11.30:  Nattverdsgudsteneste i 2. etg

 

LARSNES KYRKJE

Tysdag 24. april kl 18.00:  Kyrkjeringen har vårdugnad

Torsdag 26. april kl 18.00: Trusopplæringsutvalet har møte

Fredag 27. april : YGTS har øving

 

GURSKEN KYRKJE

Tysdag 24. april kl 19.00: Kyrkjeforeininga har møte

Søndag 29. april kl 16.30: Konsert med Sirene og Cantus

 

 

Påska i kyrkja

SKJÆRTORSDAG 5. april

Gursken kyrkje kl 19.00:  Gudsteneste ved sokneprest Ole Brubakk og kantor Georg Notøy.  Nattverd.

 

LANGFREDAG 6. april:

Larsnes kyrkje kl 19.00:  Gudsteneste ved sokneprest Ivar Austrheim og kantor Brunhilde Engelhart.

 

1. PÅSKEDAG 8. april:

Larsnes kyrkje kl 20.00:  Påskesongmøte.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik m.fl.

 

2. PÅSKEDAG 9. april:

Gursken kyrkje kl 11.00:   Høgtidsgudsteneste. Sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Georg Notøy.  Sande kantori tek del.  Dåp, nattverd og takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon tirsdag 27. mars !!

Vi oppmodar alle innbyggarane om å ta godt imot konfirmantane tirsdag 27/3 på ettermiddagen.  Dei samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp ! Her kan du lese meir om kva pengane går til:

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2012

I perioden 25.-27. mars 2012 kommer igjen over 40 000 bøssebærere til å gå dør til dør for å samle inn penger til Kirkens Nødhjelps arbeid. Dette formidable engasjementet over hele landet gjør aksjonen til Norges nest største dør-til-dør-aksjon.

Hvert år løfter vi en del av Kirkens Nødhjelps arbeid i aksjonen. I 2012 ser vi nærmere på økonomisk rettferdighet. For det er ikke rettferdig at over én milliard mennesker fortsatt lever i ekstrem fattigdom. Sammen kan vi kjempe for en fremtid uten fattigdom.

 

Kyrkja i juli

LARSNES KYRKJE

3 juli kl 11.00 :  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvk og kantor Ines Vatne.  Offer til Sandom Retreatsenter

 

29. juli kl 18.30 : OLSOK  Kveldsgudsteneste  ved sokneprest Sjur Sæter og kantor Ines Vatne.  Sal av rjomegraut, kaffi og kaker frå kl 17.00.

 

FREKØY FYR

17. juli kl 13.00: Friluftsgudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Musikk.  Ferje frå Larsnes kl 11.45, skyssbåt frå Kvamsøy kl 12.30.

 

SKOGEVATNET

24. juli kl 14.00:  Friluftsgudsteneste ved sokneprest Sjur Sæter.  Musikk.

Kyrkja veke 12

LARSNES KYRKJE

Torsdag 22. mars kl 17.45:  Sande kyrkjelege fellesråd har møte.  Alle konfirmantane møter.  Frå Kirkens Nødhjelp kjem Bente Hjertnes.

Fredag 23. mars: Ytre Gurskøen Ten Sing har øving

Søndag 25. mars kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Musikk ved Guro Hauge Rovde og Håkon Vestnes.  Ytre Gurskøen Ten sing tek del.  Bok tiil 3. klassingane.  Takkeoffer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

 

GURSKEN KYRKJE

Onsdag 21. mars kl 19.30: Sande kantori har øving

Laurdag 24. mars kl 16.00:  Kyrkjeforeininga i Gursken har basar.

Kyrkja veke 9

LARSNES KYRKJE

Tysdag 28. februar kl 19.00:  Kyrkjeringen hr foreiningsmøte og årsmøte.

Onsdag 29. februar kl 18.00:  Konfirmantsamling

Torsdag 1. mars kl 17.45:  Gudstenesteutvalet har møte

Fredag 2. mars kl..... : YGTS har øving og årsmøte

Søndag 4. mars kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Ines Vatne.  Sande kantori tek del.  Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.  Etter gudstenesta vert det årsmøte for Gursken sokneråd. 

 

GURSKEN KYRKJE

Tysdag 28. februar kl 19.00:  Kyrkjeforeininga har møte.

 

SANDETUN/HAUGETUN:

Tysdag 28. februar kl 10.30:  Andakt Haugetun

Tysdag 28. februar kl 11.00:  Andakt 1. etg

Tysdag 28. februar kl 11.30: Andakt i 2. etg.

Gudsteneste i Gursken kyrkje

21. mars kl 18.00

Det vert mykje song og musikk på denne gudstenesta; både Ten Sing og forsongargruppa/orkesteret skal delta.   Sokneprest Sigmund deler gode ord med oss, det skal vere nattverd og 3. klassingane i Gursken/Gjerdsvika skal ha bok.  Offeret går til Misjonsprosjektet.  Alle konfirmantane skal også møte på denne gudstenesta.

Vel møtt til ei fin gudsteneste !!

"Ord og tonar i fastetida" i Sande kyrkje

Søndag 25. mars er det songsamling i Sande kyrkje kl 16.30.  Det er Øyklang frå Kvamsøya og kyrkjeorkesteret/forsongargruppa frå Larsnes som vil gi oss fine tonar, og soknepresten vil gi oss gode ord no i fastetida.  #. klassingane skal få ei bok, og det vert offer til kyrkjelydsarbeidet.

 

VELKONME TIL SANDE KYRKJE SØNDAG 25/3 KL 16.30 !

Kyrkja i oktober

LARSNES KYRKJE

2. OKTOBER KL 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sjur Sæter og kantor Brunhilde Eberhardt.  Nattverd.  Offer til Sunnmøre Søndagsskulekrins.

Tysdag 4. oktober kl 19.00:  Kyrkjeringen har foreningsmøte.

Tysdag 11. oktober kl 19.30:  Samling med konfirmantforeldra frå Larsnes.

Onsdag 12. oktober kl 18.00:  Konfirmantsamling.

Torsdag 13. oktober kl 18.00:  Barnekoret "Småtroll" har øving

Søndag 16. oktober kl 16.00:  Hausttakkefest.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Bok til 4-åringane.  Barnekoret "Småtroll" og HML Varden tek del.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

Tysdag 25. oktober kl 19.00:  Kyrkjeringen på Larsnes har møte.

 

HAUGETUN / SANDETUN

Tysdag 11. oktober kl 10.30:  Andakt på Haugetun.

Tysdag 11. oktober kl 11.00:  Andakt på Sandetun (1. etg)

Tysdag 11. oktober kl 11.30:  Andakt på Sandetun (2. etg)

 

Tysdag 25. oktober kl 10.30:  Andakt på Haugetun

Tysdag 25. oktober kl 11.00:  Andakt på Sandetun ( 1. etg)

Tysdag 25. oktober kl 11.30:  Andakt på Sandetun ( 2. etg)

 

 

GURSKEN KYRKJE

Søndag 9. oktober kl 11.00:  Hausttakkefest.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Bok til 4åringane.  Dåp.  Kyrkjeorkester og forsongargruppe.  Kyrkjekaffi.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Torsdag 13. oktober kl 19.30:  Samling med konfirmanforeldra frå Gjerdsvika/Gursken.

Fredag 14. oktober kl 18.00:  Ytre Gurskøen Ten Sing har øving.

Fredag 14. oktober kl 20.00 :  "Ytre Gurskøen Ten Sing 30 år"  Bandet har øving.  Songarar som har lyst og tid kan vere med..

Laurdag 15. oktober kl 11.00:  "Ytre Gurskøen Ten Sing 30 år" har øving

Laurdag 15. oktober kl 18.00:  Jubileumskonsert med Ytre Gurskøen Ten Sing. 

Tysdag 25. oktober kl 19.30:  Kyrkjeforeninga i Gursken har møte.

Julefestgudsteneste 1. januar

Vi startar det nye året med å kombinere gudsteneste og julefest.  Dette skjer i Larsnes kyrkje 1. januar kl 15.00.  Soknepresten har sett saman ei gudstenestesom inneheld det meste - endåtil gong rundt juletreet. 

Sokneprest Sigmund, HML Varden og Sande Kantori vil vere med å setje sitt preg på julefestgudstenesta.  Det vert sjølvsagt julefestkyrkjekaffi etterpå !!

VELKOMNE TIL JULEFESTGUDSTENESTE I LARSNES KYRKJE !!

 

Kyrkja i desember

LARSNES KYRKJE

Søndag 11. desember kl 16.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sjur Sæter og kantor Brunhilde Engelhart.  Dåp.  Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Laurdag 17. desember kl 20.00:  Julekonsert.  HML Varden, Ytre Gurskøen Ten Sing, dei eldste Småtrolla,  Sande Kantori.

Tysdag 20. desember kl 10.30:  Skulegudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Piano: Marlen Hauge Knotten.

Onsdag 21. desember kl 10.00:  Adventsgudsteneste for førskuleborn.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik og born frå Hauemarkja barnehage tek del.

Laurdag 24. desember - JULAFTA - kl 14.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sjur Sæter og kantor Georg Notøy.  Småtroll tek del.  Offer til Kirkens Nødhjelp.

Søndag 25. desember - 1. JULEDAG - kl 08.00: Juleotte. Sokneprest Sigmund Bjerkvik. 

Søndag 1. januar - 1. NYTTARSDAG - kl 15.00: Julefestgudsteneste. Sigmund Bjerkvik m.fleire.

 

GURSKEN KYRKJE

Torsdag 15. desember kl 10.00: Adventsgudsteneste for førskuleborn.  Sigmund Bjerkvik m.fleire.

Fredag 16. desember kl 21.00: Lysmesse.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik og konfirmantane.  Ytre Gurskøen Ten Sing, Håkon og Susann.  Offer til Kirkens Nødhjelp.

Søndag 18. desember kl 20.00:  Nattine med Vyrde Mannskor og Sirene.

Tysdag 20. desember kl 08.30: Skulegudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Piano: Marlen Hauge Knotten.

Laurdag 24. desember - JULAFTA - kl 15.30:  Gudsteneste ved sokneprest Sjur Sæter og  kantor Georg Notøy.  Gursken skulekorps. Offer til Kirkens Nødhjelp.

Mandag 26. desember - 2. JULEDAG - kl 11.00: Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Georg Notøy.  Dåp.  Nattverd. Sande kantori.  Offer  til Misjonsprosjektet.

Laurdag 31. desember - NYÅRSAFTA - kl 16.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Georg Notøy.

Jazz og Koral

Fredag 4. november kl 20.00 er det klart for konsert med "Jazz og Koral" i Larsnes kyrkje.  Pressemeldinga seier at dei byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar.  Noko av stoffet har lokal tilknyting, mellom anna med tekstinnslag frå Ivar Aasen og Andreas Bjåstad.

Merete Brandal Godø (vokal)

Ståle Helvig (kyrkjeorgel/piano)

Rune Ertresvåg (gitarar)

Bottolf Lødemel (piano/trekkspel)

Bertil Tødenes (trommer/perkusjon)

Øystein Djupvik (elbass/kontrabass)

 

Viser til omtale av konserten i Vestlandsnytt tysdag 1, november, og annonse i same avisa fredag 4. november.

 

 

Kyrkja i november

LARSNES KYRKJE

Onsdag 2. november kl ? : Konfirmantsamling

Torsdag 3. november kl 18.00: Barnekoret Småtroll har øving.

Fredag 4. november kl 20.00:  Konsert "Jazz og Koral"

Søndag 13. november kl 16.00: Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Kantor Georg Notøy.  Dåp. Nattverd.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Mandag 14. november kl 17.30:  Kyrkjeskule for 6-åringane.

Mandag 21. november kl 17.30:  Kyrkjeskule for 6-åringane.

Torsdag 24. november kl 18.00:  Barnekoret "Småtroll" har øving.

Mandag 28. november kl 17.30:  Kyrkjeskule for 6-åringane.

 

GURSKEN KYRKJE:

Onsdag 2. november kl 19.30: Sande Kantori har øving.

Fredag 4. november kl ? :  YGTS har øving

Søndag 6. november kl 11.00: Gudsteneste med minning.  Sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Sande kantori. Dåp.  Nattverd.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

Torsdag 10. november kl 17.30:  Gursken barnekor har øving

Mandag 14. november kl 17.30:  Kyrkjeskule for 6-åringane.

Laurdag 26. november kl. 11.30:  Kyrkjedag for 2. klassingane i Gursken sokn og alle konfirmantane.

Søndag 27. novemer kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Konfirmantane og 2. klassingane.  Ten Sing, kyrkjeorkester og forsongargruppa.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

Mandag 28. november kl 17.30:  Kyrkjeskule for 6-åringane.

 

HAUGETUN / SANDETUN

Tysdag 8. november kl 10.30:  Nattverdsgudsteneste på Haugetun

Tysdag 8. november kl 11.00:  Nattverdsgudsteneste på Sandetun 1. etg

Tysdag 8. november kl 11.30:  Nattverdsgudsteneste på Sandetun 2. etg

 

Gursken sokneråd takkar


Gursken sokneråd hadde sitt siste møte torsdag 20. oktober, og på slutten av møtet fekk desse fire mange gode ord og blomar som takk for mange gode år i soknerådet.  Hilde Karin Longva Stokset har vore fast medlem i 4 år, Oddvar Kløvning har vore fast medlem både i soknerådet og fellesrådet  i 4 år, Synnøve Nystøyl har vore fast medlem og nestleiar i 6 år og Arnfinn Hide har vore 1. vara i 2 år.  I tillegg fekk Louise D. Sandvik blomar for medlem i to år.  

Soknerådet takkar for godt samarbeid i alle desse åra !!
Gursken sokneråd hadde sitt siste møte torsdag 20. oktober, og på slutten av møtet fekk desse fire mange gode ord og blomar som takk for mange gode år i soknerådet. Hilde Karin Longva Stokset har vore fast medlem i 4 år, Oddvar Kløvning har vore fast medlem både i soknerådet og fellesrådet i 4 år, Synnøve Nystøyl har vore fast medlem og nestleiar i 6 år og Arnfinn Hide har vore 1. vara i 2 år. I tillegg fekk Louise D. Sandvik blomar for medlem i to år. Soknerådet takkar for godt samarbeid i alle desse åra !!

Kyrkja veke 5

LARSNES KYRKJE

Mandag 30. januar kl 17.30: Kyrkjeskule for 1. klassingane

Tysdag 31. januar kl 19.00:  Kyrkjeringen har foreiningsmøte

Laurdag 4. februar kl 11.00:  Kode-B kurs for 5. klassingane

Søndag 5. februar kl 16.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Kyrkjeorkester og forsongarar.  Dåp.  Bok til 1. klassingar og 5. klassingar.    Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

Mandag 6. februar kl 17.30:  Kyrkjeskule for 1. klassingar.

 

HAUGETUN/SANDETUN

Tysdag 31. januar kl 10.30:  Nattverdsgudsteneste på Haugetun

Tysdag 31. januar kl 11.00:  Nattverdsgudsteneste  1. etg Sandetun

Tysdag 31. januar kl 11.30:  Nattverdsgudsteneste 2. etg Sandetun

 

GURSKEN KYRKJE

Tysdag 31. januar kl 19.30:  Kyrkjeforeininga har foreiningsmøte.

Kyrkja i september

 

LARSNES KYRKJE

4. september kl 17.30:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.  Det vert konfirmantpresentasjon og alle konfirmantane tek del.  Kyrkjeorkester.  Ten Sing.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

14. september kl 18.00:  Konfirmantsamling

15. september kl 19.30: Møte i trusopplæringsutvalet.

22. september kl 18.00:  Småtroll har øving

23. september kl  ?  : Ten Sing har øving

 

GURSKEN KYRKJE

11. september kl 11.00:  Gudsteneste ved sokneprest Sigmund Bjerkvik og kantor Brunhilde Engelhart.  Dåp.  Nattverd.  Offer til kyrkjelydsarbeidet.  Kyrkjekaffi.

17. september kl 18.00:  Konsert med Marthe Valle med fleire.

 

HAUGETUN/SANDETUN

13. september kl 10.30:  Andakt ved sokneprest Sigmund Bjerkvik.

27. september kl 10.30:  Nattverdsgudstenester.

Info-video: Slik stemmer du ved KYRKJEVALET 2011

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=Jh5dr1dQwAo

På denne videoen kan du sjå korleis du skal gå fram når du skal stemme ved KYRKJEVALET 2011.  den inneheld også nyttig informasjon om kvifor du bør delta i valet. 

 

 

123Neste