Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

kopi_av_m165.jpg

Landsbyrådmøte ute denne gongen

Gjengen på tua

Gjengen på tua

Denne fine sommarkvelden hadde landsbyrådet møte på Sandmyrane med utsikt til den nye gapahuken. Tema for møtet var vegen vidare, meir informasjon kjem...

Fine blåbær

larsnes_002.jpg

Det er massevis av modne blåbær på fjellet som berre står der klar til å verte plukka. Bæra er god og saftig med eventyrleg smak, og utan tvil betre enn Valldaljordbæra. Å plukke sjølv gir det vesle ekstra. Men kanskje du er ein av dei som ikkje torer å plukke fordi du er redd orm. Dei ormane eg har sett i år har vore på landevegen, så berre prøv deg på blåbærjakt.

Sandemessa i helga

Informasjon om Sandemessa i midtsida  av Vestlandsnytt i dag .

Link til messa sine sider oppe til venstre.

OPNINGSTIDER: 12.00 - 18.00

JUBILANTAR!

To heidersmenn rundar 50 år i desse dagar -  Karstein Slettestøl (10. juli) og Jarle Gunnarstein (11. juli)!

larsnes.no gratulerer karane!

HUGS

JULEGRANTENNING KL 15.30

ADVENTSKAFFI KL 16.00

TENSINGKONSERT KL 19.00

JULEFEST 28. DESEMBER KL. 16!

Alle er hjarteleg velkomne til bygda sin einaste julefest i romjula. Det vert flott julemusikk med vårt trufaste korps HML Varden. Søndagsskuleborna skal underhalde og vi får julestemning frå "The Sweeties/The next". I tillegg vert det ord for dagen, god matykt og til sist gang rundt treet. Håper vi kan fylle heile kyrkja denne ettermiddagen i romjula! Velkomne!

Send inn ditt julebilete

jul5[1].jpg

Jula er glede og tid for å ikle seg ulike roller. Har du eit bilete av ein nisse, Luccia,  ein julebukk eller ein annan "julefigur"? Send det inn, og vi legg det ut på galleri.

GOD JUL!

ROMJULSDANS

Husk juledansen

Meld deg på til John Harald eller Thomas, sjå artikkel lenger ned på sida.

50 kommentarar på Sunnmørsposten sine sider

Det er kjekt med mange kommentarar som på Sunnmørsposten sine sider, ein har dikta. Sjå under! Og det er mange mogelegheiter til å vere aktiv på Larsnes.no sine sider, enten ved å bruke forum, bloggen eller ved å sende inn bidrag til margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no. Ta gjerne kontakt dersom du vil vere skribent.
Slutt no å kjegle!
No skal eg kome med ei regle:

Larsnes kunne eg aldri tenkje meg å flytte ifrå
Sjøl om eg ikkje kan framtida spå
Fleire og fleire treng seg på
Korleis skal dette gå? :)

Med både bål, telt og t-skjorte
Blir her ikkje mange "Landsby-vorte"
Kven vil vel frå denne plassen flytte
Når vi har så mykje vi kan nytte?

Med sport, kor, og samling på tapeten
Masse natur ligg breiddt rundt Veten
På folket han ein heller ikkje klage,
Med humor, hjarterom og felleskap vil dei alle behage!

Landsbyen er vårt Shangri-la
Frå her treng ingen reise på spa
Ja, som du høyrer av desse ord
Er Larsnes den beste plassen på jord

Atter ein flott solskindag

larsnes_012a.jpg

Endå ein dag med fantastisk ver, kor lenge vil det vare? Det er viktig å bruke kvart minutt og sekund av solstrålane, varmen og dei sommarlege mogelegheitene som å bade i sjøen, gå berrføtt i graset eller plukke blomster. Ta bilete av desse opplevingane og send eit lite bidrag til Larsnes.no.

LITT AV KVART...

¤ Denne veka slutta Dorthe og Laila som eigarar og drivarar av Joker. Vi takkar for god handel gjennom mange år!

¤ Ny drivar er Carola Kasischke. Vi ønskjer henne og staben lukke til!

¤ Endeleg vann LIL/GIL. Laget slo Vigra torsdags kvelden i ein ikkje altfor god, men likevel spennande kamp. Asle og Tor Arne scora måla - og skal vi trekke fram nokon, må det vere keeper Oddbjørn, midtforsvaret Anders Elling og John Harald og yngstemann Christoffer. No er det ferie - og laget har 6 poeng - likt med Vigra.

¤ Vi registerer yrande badeliv  i og ved småbåthamna i Grønnevika.

¤ Mange har spurt om det blir revy i haust. I går kveld var gjengen samla. Slagplanen vart lagt og laurdag 18. oktoer skal det vere to framsyningar på Breidablik - viss alt går etter planen.

¤ Vi minner om Syftesokfeiring på/ved Halletun førstkomande søndag (6.juli).

LANDSBY T-SHIRT

Det er kjøpt inn eit siste parti med landsby t-shirt til 150 kroner. Først til mølla....  Du kan legge inn bestilling til hkj@nor-X.no ( men ho er vekke frå 7. - 21. juli)eller hente direkte. I perioden 5. til 25. juli er Rasmus ansvarleg for sal av t-shirt. Ta kontakt!

Stoff til heimesida

Er det nyhende av smått og stort som bør kome med på heimesida, tips larsnes.no. Bruk mail:margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no.

Er du ein som kan tenkje seg å skrive ein artikkel, ja så er du velkomen!!!!!

A-kamp Gursken/Larsnes - Vigra torsdag  kl 19.00 på Larsnes stadion

Landsbyrådet med stand på messa

På standen vil du møte folk frå landsbyrådet som kan orientere om ideen og du kan stikke innom for ein prat om planar vi bør ha framover! I tillegg kan du kjøpe t-shirt eller ein "suvenir".

Vil du vere med på å påvirke kva tiltak bygda bør prioritere framover så kan du ta ut vedlegget, fylle det ut og levere på standen eller sende til oj@sande-mr.kommune.no

Prioritering_av_tiltak_i_Landsbyen_Larsnes.doc

Taket tett på Gapahuken

Foto: Frode

Foto: Frode

Taket på gapahuken er tett etter to arbeidsdagar og ein dugnadskveld. I ettermiddag kom to gutar med kransekake til arbeidsfolket på Sandmyrane slik at dei fekk markere milepælan av å få taket tett.

I følgje FAU vil dette vere siste arbeidsinnsats på gapahukprosjektet på denne sida av sommaen.

Bruksanvisning for forum

Jeg har fått spørsmål om hvordan man bruker et forum derfor har jeg prøvd å lage en bruksanvisning. Håper det kan hjelpe.

http://z11.invisionfree.com/Landsbyen/index.php?showtopic=18&st=0&#last

 

Radio Norge presenterte landsbyideen

På landsbydagen 21. juni fekk vi pressedekking på radio. Landsbyhovdingen var intervjua av Radio Norge, innslaget var sendt på nyheitene kl. 20.00 laurdagskvelden. For den som ikkje fekk det med seg no i helga er det mogeleg å høyre her på vår eiga side. Radio Norge.mp3

1234...7Neste