Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

105.jpg

Muntre minner

Eit ordtak seier: "Aller helst minnes jeg fremtiden." Like fullt: "Minner er som månestråler. Vi kan gjøre hva vi vil med dem."
På Larsnes.no ynskjer vi å legge ut små og litt større muntre minner.

 

Jonsokfeiring

vassaktivitetar.jpg

Kven har ikkje gode minner frå Grønnevika med vassaktivitetar, rjømegraut og jonsokdans på 80 - 90 talet. Landbrabbene heldt seg  på god avstand frå kald junisjø. Berre dei tøffaste heiv seg i duellen med mål om å vinne prestisjeoppgjer mot andre hardhausar. 

Året var 1988?

På bildet framme frå venstre: Helga, Jorunn Ryste, ei som er skjult, Guri og Astri Bente.
Bak frå venstre: Else Marie Tødenes, Unni, Jorunn, ein som er skjult, Hilde, Bjørg, Inger Anne, Else Marie, Hildegunn.
På bildet framme frå venstre: Helga, Jorunn Ryste, ei som er skjult, Guri og Astri Bente. Bak frå venstre: Else Marie Tødenes, Unni, Jorunn, ein som er skjult, Hilde, Bjørg, Inger Anne, Else Marie, Hildegunn.

Staden er gamle skuleplassen, då han var brukt til jonsokfeiring, alle treningar, handball som fotball, friidrett mm. 

Larsnes IL hadde 50 års jubeleum. Nye overtrekkar kjøpt hos Sesam sport og musikk på " Bakeriet" 

Sjå hockeysveisen til Aadne! 

Gjengen på bildet var mange av dei som spelte handball på slutten av 60 talet og begynnelsen av 70 og i anledning jubeleumet spelte handballkamp. 

Konfirmasjon

Det er alltid konfirmasjon her første søndag i mai, det vil i år seie 2.05.

Er det nokon i bygda som har ei munter historie eller eit fint bilde frå si konfirmasjonstid, så kan vil legge det ut på nettet.

Lysthushagen

lysthushagen_1964.jpg

Dette bilde er frå den tida då mjølkespannene stod på ein melkerampe i Lysthushagen. Kilder seier at det var ei prestefrue langt tilbake som gav staden namnet Lysthushagen. For den som har kika nærare på trea har fått med seg at nokon har brukt kniv og skåre ut bokstavar, trur blant anna at det står B + G. Sannsynleg var det allereie utført då dette bildet var tatt sommaren 1964.

David møter Goliat

Det er ikkje lenge sidan, 1980, den gongen var det ikkje organisert  idrottstilbod for damer. Elisabeth og eg jogga ei periode tre gongar i veka inn til Åsveig, der måtte Elisabeth ha seg ei røykepause. Det var tider det! Her var ikkje organisert lagsaktivitet for damer i bygda, nei. Vi måtte berre finne på noko. Det var utenkjeleg å køyre til Ulsteinvik å delta på Hødd sitt handballag. Med pågongsmot og ynskje om fysisk aktivitetstilbod vart det i januar starta opp handballtreningar. Nokre vart pressa til å delta, nokre følte seg forplikta, andre ville berre trene og ikkje spele kamp, nokre kunne ikkje tenkje seg å spele saman med gamle kjerringar, og den kjerringa var 36 år den gongen. Gammal? Etterkvart vart det i alle fall ein fast gjeng.

Med vanvittig dårlege treningsforhold på Larsnes skule og skuleplassen stabla vi på beina eit lag som vi meldte på i serien hausten 80. Då hadde vi også fått kjempa oss til treningstider i Gursken, ordna med målstengre og hatt dugnad på å merke opp 6 meterlina som vi fekk løyve til etter å ha sendt "søknad i tre eksemplar". Eg trur at vaktmester Gerhard var innom på dugnadskvelden, han kvalitetsikra arbeidet som vi utførte. Det vart bra! Desse strekane trur eg har vore i bruk fram til i dag. Og den som berre kunne ha samla seg om hall. Det hadde vore ei fabelaktig utvikling for det sportslege tilbodet til barn og unge. Men, men, den historia kjenner vi.

Då terminlista var klar, var det på det reine at vi skulle møte storgiganten Stranda ( B-laget), borte. Verre start kunne vi ikkje tenkje oss, ein av dei sterkaste motstandarar i første kamp. Det var ein gjeng forsiktig optimistiske som møtte til dyst. "Mormor og dei åtte ungane", som vi også vart kalla av andre lag, rekna med å tape. Mange av damene hadde ikkje spelt handballkamp før, vi var urutinerte og usikre på reglar. For å gjere historia kort, så møtte ikkje dommarane opp. Då er reglane slik at kampen må utsetjast. Arrangørane Stranda spurte om vi kunne godta dommaraspirantar frå deira klubb, i handball skal det vere nøytral dommar, men dersom vi godtok desse kunne kampen avviklast. Vi vurderte sjansane så små for å vinne uansett at vi godtok desse aspirantane. Det var lite fristande å ta turen til Stranda ein gong til.  Vi overraska og vann. Gjett om den seieren smakte! 

Då det var liv

njs_2_1_iko.jpg

på idrottsplassen

På slutten av 80 talet skulle Nye Larsnes stadion realiserast. Det kosta flesk! Utan raske pengar eller ein rik onkel Skrue med stor pengpung, måtte laget slå på stortromma. Manglande sanitæranlegg sette ingen stoppar, med berre eit provisorisk utedo vart legendariske New Jordal Swingers hyra til utedans på idrottsplassen. I ettertid må det seiast å vere eit vågalt sjansepel særleg med tanke på at bygda var utan lokalitetar som alternativ stad ved regnver. Spørsmålet var også om gruppa var populære nok til å trekke tilstrekkeleg med publikum her på våre kantar. Diskusjonen gjekk internt i laget om det skulle teiknast forsikring mot dårleg ver. Det var rådyrt, og nedbørsmengda måtte vere så høg at konklusjonen var å la vere. Spenningsnivået var skyhøgt blant dei ansvarlege fram mot arrangementet! Eit sterkt mannskap av vakter var mobilisert, kommunikasjonen var sikra med walkie talkie utstyr - "over og ut". Folk strøymde på! Over tusen betalande! Nokre ungdommar kom aldri så langt som til danseplassen. Ei vakt brukte kvelden på å jakte på ein som hadde laga det til sport å  snike seg inn. Ei konkurranse som han tapte, men han vart godt kjent i Larsnesskogen.  Langveisfarande fan tok turen til Larsnes på utedans berre for å høyre på New Jordal, ho stod ved scena heile kvelden. Dansen var ein knallsuksess! Innkome i ei slunken kasse gav godt grunnlag for rask nedbetaling av det nye stadionanlegget.  Med små marginar til katastrofe var lettelsen stor då arrangementet var over. Ingen ulykker! Politiet som dukka opp ut å natta var svært nøgde med arrangørane.  Ved opptelling var 100 lappane mange, salongbordet var fullt, og det er ikkje overdrive. Dagen etter vart det funne ein bunke på 1000 kroner som var hamna ned mellom sofaputene. Det var tider det!!! Du kan få ein smakebit av New Jordal Swingers ved å klikke på bilde. Og meir finn du på You Tube.

Den første afrikanar

Hugsar du? Faal kom til bygda ein gong på 70 talet, den gong då alle her var frå Larsnes, og det var ikkje vanleg med andre nasjonalitetar blant oss. Faal kom frå Gambia, var landbruksvikar og budde i "gamlestova" i Hansdalen. Første gongane han køyrde med pidde gjennom bygda, hong nok geipen på mange. Han hadde eit standardutrykk som ikkje passer seg i skriven form, spelte fotball på LIL, og røykte som ein damp. Uforstanden om andre hudfargar kom til syne på forskjellige vis, han fortalte sjølv at ein unge slikka seg på fingeren og prøvde å tørke vekk hudfargen på handa hans.