Stell av juletre
- Etterfylling med kaldt vatn
Har du lyst til å blogge, så les her
Først klikker du på ordet comments og det kjem opp eit nytt vindu. Du må fylle inn namn, det kan vere pseudonym. Vil du vere anonym let du vere å fylle ut mailadressa di. Du må gjenta passordet du er tildelt. Skriv tekst og klikk på diskettikonet. Dersom du fyller ut mailadressa får lesarane mogelegheit til å skrive mail direkte til deg. Larsnes.no håpar på stor aktivitet!
Landsbyungkaren inviterer til blogging
Rundt 40, husrein og spretten kokk, med baccalao som spesialitet. ( god tilhøyrande drikk høyrer med). Er det andre som har same interesse kan webansvarleg formidle kontakt eller ta initiativ her og no.
Initiativ til felles trivsel og moro
Sit heime! Det er trygt og godt, syte for eige reir (eller noko sånt) Huset må beisast, plenen må slåast, katten må matast og ungane leggast??? Det vert ikkje landsbylapskaus av slikt. Ein gjeng med lyst til å skape meir trivsel og som er stolte av landsbyen Larsnes har invitert alle landsbybuarar med til felles dugnad på felles framtidige prosjekt. Trivsel er så mongt og alt til si tid heiter det. Det spirer og gror rundt oss. Du då, kva vil du vere med på?
Laust og fast
Har du lyst å seie di meining om laust eller fast, så har du full anledning til å setje i gong med ei meiningsutveksling.
Bygdetulling
Er vi bygdetullingar slik som økonomiprofessor Karen Helen Ulltveit Moe ved universitetet i Oslo legg fram i Sunnmørsposten i dag? Det er tilfelle at bygde-Noreg er på veg til å verte avfolka, men er det ikkje drøyt at dei som vert igjen er tullingar som bur i uføreklyngjer? Vi veit at ungdommen ikkje kjem tilbake og betre vert det ikkje av spådommar som dette. - Å bu som sild i tønne kan ikkje vere ein framtidsdraum for alle. Flytt jobbane til distrikta!!
Sandemessa, kva no?
Har mange nok tatt turen innom Breidablik og Sandemesse i helga? På kjent vis har utstillarane selt sine produkt, innbodne krefter har sytt for underholdning, og bygdas folk har selt mat og lodd. Er vi nøgde med resultatet eller skal vi ha høgare målsettingar?
Kvifor ikkje?
Mange heimesider får til respons i form av blogg. Kva er det med oss Larsnesingar som gjer oss så innmari forsiktig med offentlegg skrivekløa? Kanskje er vi beskjedne. Vi er vel ikkje utan meiningar? Dagen i går viser at vi kan få til "Liv i Landsbyen". Kva meiner du vi bør få til her på "Berget? Kanskje kan du sende sommarhelsing til andre Larsnes.no lesarar!!! Denne gongen helsar vi eksLarsnesingane GOD SOMMAR!