Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Trenarforum
220px_soccerball_svg.png

LIL fotball har samling for alle trenarane i laget onsdag 22.10 kl 20.00 på Rådhuset

Tema for økta er: sportsleg plan og neste sesong

fotball_er_goy.jpg
C-lisenskurs i fotball

Larsnes fotball i samarbeid med kretsen inviterar til

 

C-lisens, delkurs 1-2  på Larsnes.

Lørdag 1.nov. 1000-1530.        

Søndag 2.nov. 1000-1530.          

Dagen startar og sluttar med teori inne. Praksis ute. 


 

Veiledarar frå kretsen er: Jon Olav Kriken og Vegard Eikrem. 

 


Påmelding kan gjerast direkte på MIN IDRETT. http://www.fotball.no/Kretser/sunnmore/klubb/utdanning/2014/Kursregistrering/

eller til Aadne Sandanger på  Mobil: 91 83 43 55
eller E-post: aadne.sandanger@sbm.no<mailto:aadne.sandanger@sbm.no>

Frist 22.10 (på klubbmøte eller trenarforum)

 



 

Sparebanken Møre fotballskule

Tysdag 12. - torsdag 14. august på Larsnes stadion

Fotballfest medr Sparebanken Møre fotballskule i neste veke. Den store fotballfamilien på Larsnse vil vere samla, både store og små. Vi mobliiserer og ynskjer endå fleire deltakarar. Påmelding på larsnesfotball sine sider.  Vi oppmoder foreldre og andre interesserte å  ta turen til  stadion desse dagane. 

Heime på ferie
10540665_10152172751081574_18242969_n.jpg

Normann flytta frå Larsnes for 12 år sidan. Eg hugsar han som er ein smilande kar som blant anna spelte trommer og  skilta   Råkja med Øvre Beverly Hills. Eit kjennemerke  var dei fargesprakande buksene.  For cirka 14 dagar sidan skreiv han på Facebook at han ville savne Donald (katten) når han skulle til Sunnmøre.  Når Normann begynte å legge ut bilder  frå ferien blant anna frå hytta   fekk  eg lyst å sjekke litt nærmare kor det er å feriere heime.

Etter å ha budd nokre år i Ålesund og Oslo har Normann sett bu på Åmli som er eit bygdesenter og kommune i Aust Agder med innbyggartal mindre enn Sande. Han har stifta familie saman med  Tonje og er far til tre.  Det er ikkje berre ein svipptur å kome til Larsnes, men ein køyretur på 11 timar.

Normann trur at dersom vennane skulle omtale han med fem ord ville dei seie blid, surrete, optimist, sosial og merkeleg. Eg ber han utdjupe merkeleg  som han tek med  fordi han kan finne på ein del rare ting.

Normann har lagt ut bilder  på Facebook som viser at han blant anna har vore på  fiske og til Ålesund som han for øvrig omtalar som den finaste byen. Kommentar til  bilde på veg til  AAFK kamp  er at han og sonen er den harde kjerne i « Stormen» , så her anar vi patriotisme.

På fødselsdagen 30.07 er han på Fosnavåg brygge og får seg potetball.  Eg spør om det er dei gongane han er på Sunnmøre at han et ball. Han fortel at det har han lært å lage sidan han flytta så langt frå grytene hennar mor.

Det beste med ferien  svarar Normann umiddelbart har vore det finne sommarveret og det å få treffe vennar og kjente.  Eg har bada ein heil del  seier han til slutt!

 

Tap i kvartfinala

Norway Cup  er over for juniordamene. Sandviken/ Varegg vart for sterke og Larsnes tapte kampen 6 - 0. 

Keeperen
10588973_10152592389319399_427508096_n.jpg

«Målet for laget er å kome lengst mogleg og ha det kjekt…»

Junior damer er i kvartfinalen og dei tangerer tidlegare lag sine prestasjonar i Norway Cup. Fleire av spelarane gjorde som småjenter  erfaring med å kome til kvartfinale, og den gangen måtte dei gi tapt. No er det vinn eller forsvinn! Vidare avansement vil vere beste prestasjon på kvinnesida for Larsnes IL nokon sinne.  Bortsett frå første kampen har laget vunne klart. Når no berre dei åtte beste laga går vidare i A –sluttspel  må ein vente det vert tøffare motstand.

Kvartfinale neste i Norway Cup

Klar seier 6-0 i siste kamp mot Sokndal førte til at damer junior vart puljevinnarar og møter Sandviken/ Varegg i kvartfinalen som går torsdag kveld. Sandviken/ Varegg  spelar 4.div i Hordaland og ligg midt på tabellen av 8 lag. I Norway Cup har laget vunne sine 3 kampar og står med målforskjell 14-3. Ut frå resultaterkan det ligge til rette for ein jamn kamp.

 I

 

Junior damer på Norway cup
img_0116.jpg

I år er det eit lag frå Larsnes som deltek på Norway Cup. Turneringa har starta godt for laget og dei er allereie klar for A sluttspel i si klasse før siste innleiande kamp som går i kveld.

Juniorane  spelte uavgjort  første kampen mot tyske Vaalserquartier og vann dei to neste 5-2 mot Moelven/Åsmark og 5-0 mot Norde Holsnøy.

I dag spelar dei kamo mot  Sokndal og for å vinne pulja og få møte toarar i ei anna pulje må kampen vinnast med 4 mål då Vaalserquartiar etter sin siste kamp har betr målforskjell enn Larsnes.

A sluttspelet begynner på torsdag. Les meir på Norway cup sine heimesider!

Forslag til slagord i LIL

LIL eit lag med stil

LIL- få, men mange!

LIL -laget for alle!

LIL - breidde og topp!

LIL - i farta!

LIL- trim, topp og trivsel

Kjøp billett til Sumarsamkome
plakat_2014_1_.jpg

Dobbelklikk på plakaten, så kjem du til billettbestilling.

Frå Sumarsamkome i fjor
Frå Sumarsamkome i fjor
Sumarsamkome

21. 06 til 23.06 skjer det igjen

Komiteen samansett av representantar frå lag og organisasjonar med Ingvill Kristensen som leiar, legg planar for dagane. Det vert sosiale samkome i teltet både fredag, laurdag og søndag krydra med ulike aktivitetar rundt om på Larsnes.

Meir informasjon kjem.

Damekamp

Larsnesdamene spelar kamp mot Volda Young Girls kl 20.00 tysdag 03.06.

 LIL spanderer kaffi og is på publikum. Alle aktive, foreldre og andre interesserte er velkomne til ei fin samling på Larsnes kunstgrasbane.

Heia, Larsnes!!!

SLAGORDKONKURRANSE
bilde_002_t.jpg

Larsnes IL arbeider med konseptet kvalitetsklubb. Det skal blant anna utarbeidast eit verdidokument som er eit av kvalitetskrava. 

Det har vore klubbkveldar med prosessar på kva verdiar laget skal stå for. Dette vert arbeida vidare med og publisert seinare i år. I samanheng med denne prosessen opnar laget for slagordkonkurranse. 

Kriterium: LIL står i slagordet, at det er kort  og at det er representativtdekkande  for kva idrottslaget står for.

(det mest kjende slagordet er "Just do it"!, Obama sitt i valkampen 2008 "Yes we can"!, Høødd: "Liten - men stor", Aafk: "Gjør noe med deg") 

Forslag kan sendast leiar i fotball på mail: margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no

SMS: 99419562

Etter kvart som forslaga kjem inn vert det puliisert her.

FOTBALL
mcj03056390000[1].png

Fleire lag i sving i løpet av veka, sjå lgfk og larsnesfotball sine sider.

LGFK spelar i dag mot Skarbøvik kl 16.00 på Larsnes stadion. 

 

Småtroll

Småtroll

Hei!

Minner berre om at vi skal synge på sommarfesten i Larsnes kyrkje søndag 1 juni kl 16.

AVSLUTNINGSTUR torsdag 5 juni kl 17 - møt opp utenfor kyrkja med høg GRAND PRIX faktor!

 

Takk for i år!!

 

desktop.jpg
QUIZ

Ta med deg dine venner og konkurrer om å bli quismeister for kvelden. 

Eit tema som du kan lese deg opp på denne gongen er Halvtan Sivertsen.

Kjent tema på Quiz
jg.jpg

Les deg opp på Jostein Gaarder

QUIZ
img_0677.jpg
Forhånd.1234567...43Neste