Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

hjort_bukkar.jpg

HJORTEJAKTA

Sjølv midt i jakttida er hjorten å sjå i landsbyen; såvel kveld og som natt! Visse ting kan den ikkje la vere; slik som godteriet rosenknoppar!

Jakt og fangst har vore grunnlaget for busetjinga i Norge sidan dei første menneska kom i slutten av siste istid! Kjøt og skinn var heilt nødvendige ressursar for å overleve. I dag er det over 40 000 jegarar ute i marken, men no er det ikkje for å overleve! Vi les i Vestlandsnytt at jakta er i god gjenge her på Gurskøya, og at det er skote fleire dyr hittil enn på same tid i fjor. Skulle tru at hjorten følte på seg at jakta var i gong frå 1. sept. og stakk til fjells, men nei! Lysta på rosenknoppar er nok for sterk!  Håper verkeleg at jegarane kan ta dei som herjar på kyrkjegarden og inni Vikane. Kanskje held dei til på Gjerdehøgda? Og bilførarar; pass på i området Skulekrysset storsvingen på Drageskaret: Siste  dagane  har fleire observert hjort nær riksvegen! Og nedi hagen er det flust av hjortespor og rosenknoppane er vekke; klipt fint av som frå ei skas!

"La meg vere ung..."

14302938_10153685954371619_1219000314_n.jpg

Fredag kveld.  Lyden av trommer, bass og gitar treff deg i det du går ut av bilen.  Det er allereide kø framfor spegelen i gangen.  Jenter som fnisar og ler, karane har cola-flasker i baklomma.  Det er Ten Sing-øving.....

Dette kunne ha vore ei Ten Sing-øving på slutten av 1980-talet.  Alt stemmer !!  Men det er september 2016.  Det er framleis Ytre Gurskøen Ten Sing som har øving.  Ikkje i Gursken kyrkje som "i gamle dagar", men i kyrkja på Larsnes.  Sigmund er bytta ut med yngre dirigentar,  Og ikkje minst; Ungdomane som fnisar og drikk cola er borna til Ten Sing-songarane på 80-talet....

Det er fyrste øvinga denne hausten.  Leiarane er spente; Kjem det nokon nye som vil vere med i koret?  Kjem det litt folk sjølv om 10.klassingane er på skuletur?  Dei treng ikkje uroe seg.  23 flotte ungdomar står framme i koret eller spelar i bandet - og ni av dei er nye, ferske 8.klassingar!  Det luktar nysteikte vafler medan ungdomane varmar opp stemmene og høyrer på ein ny song.  Dette lovar godt!

Ipausa er det vafle-fest i kyrkjestova.  Vaksenleiaren oppmodar dei eldre ungdomane om å ta vare på dei nye i koret.  Bry seg om - inkludere - skape eit fellesskap!  Det er godt med vafler, saft og sosialt fellesskap.  Snart er det meir song...

"La meg være ung, la meg bare leve, la meg bare gå min egen vei.."  Bodskapen i songen høyrest godt - trass i 23 ulike stemmer.....  Lyse stemmer, ei mørk stemme, stemmeskifte-stemmer, usikre stemmer godt blanda med pianoakkordar, bass-tonar, trommevirvelar og elgitar-lydar !!  "La meg være den jeg vel være.  La meg feile så jeg kan lære.."

Det nærmar seg slutten på øvinga.  I eit mørkt kyrkjerom står 23 ungdomar rundt lysgloben.  Det store lyset i globen er tent.  Alle har ei hand å halde i.  Alle er med  i fellesskapet!

Hadde du høyrt etter hadde du kanskje høyrt songen rundt globen  - songen som fylte kyrkjeromet denne kvelden.  Ein god song - ein flott kveld - og 23 herlege ungdomar !!

Kulturprisen 2016

Sande kommune annonserar etter kandidatar til årets kulturpris. Med ein blomstrande landsbykultur har vi mange kandidatar i landsbyen. Kven er din kandidat??? Send ein mail om dette med ei lita grunngjeving til Sande kommune. Kanskje er det din kandidat som vert heidra i år!!!

Gode fotballresultat fortsetter

Kvinnefotballen på Larsnes fortsetter med gode resultat denne hausten.

Tirsdagskveld hadde damelaget kamp mot Bergsøy. Ein god og målrik forballkamp enda med at Larsnes vant 7-5. Med dette så følgte Larsnes opp den gode haustopning frå forrige veke der det vart bortesiger mot Hareid. Flott!

Ein minst like god prestasjon stod J14 for same kveld. Der fekk heimepublìken sjå ein svært spennande kamp mellom Larsnes og Hødd. Fotballen er rund og det er måla som tel - og det var Larsnes som scora mest mål og vant 3-2 mot Hødd. Ein flott prestasjon - som viser at alt går om ein står på og jobbar hardt nok i lag!

ro_north.jpg

Landsbyverftet

Kjem du over Drageskaret, ser du kranene på Holmen!  Kjem du sjøvegen til Larsnes, ser du kranene på Holmen! Det er liv i landsbyen!

I godt over 100 år har det vore handelsverksemd på Holmen, og det er i år 100 år sidan Karl Longva starta opp med båtreparasjonar og bygging av slip. Etter Longva kom Oskar Hammer - og namnet vart Hammer Mek Verkstad.

I dag er namnet Larsnes Mek Verksted med Rostein-rederiet som hovudaksjonær. "Ro North" er i dag under bygging  -  byggnr 56.

4 båtar til står på "lista", så verkstaden har arbeid ei god stund framover.

Landsbyverftet har ca 50 fast tilsette, men når trykket er som verst, er her over 150 arbeidar i sving.

Det er blitt ein stor og viktig arbeidsplass.

Holmen har endra seg fram gjennom tidene - og i dag er her eit svært kaianlegg og store kraner; lett synlege, med klar beskjed: Her er det arbeid!

Vi er stolt av landsbyveftet vårt. Kranene syner på lang avstand at det er liv i landsbyen.

Klikk deg gjerne inn på heimesida til verftet: www.larsnes-mek.no.

Ten-Sing

Ten-Sing starter opp ny sesong med korøving fredag 9.september kl 18:45-20:45. Som før er øvingane lagt til Larsnes kyrkje, og klokkeslettet er tilpassa ferjetidene. 

Eldrekafe

Onsdag 14.september kl 14 -16 er det eldrekafe på Elverumstova.

God start på haustsesongen

Larsnes sitt damelag starta haustsesongen i går mandag med kamp på Hareid stadion. Hareid ga våre damer god kamp og leia 4-3 då det stod att 10 minutt av kampen. Med taktiske endringar og stor vinnarvilje scora Larsnes 3 mål i løpet av dei siste 10 minutta, og tok med det ein velfortent 4-6 bortesiger.

Larsnes J14 har også starta opp haustsesongen. Førre søndag var laget i Eidsdalen og tok ein solid bortesiger 4-8. I dag har J14 hatt ny kamp heime mot VanKam. Igjen viste laget gode takter og vant fortent 5-0.

Småtroll

Barnekoret Småtroll startar opp igjen med øvingar.

Første øving vert 22.september kl 18:00 i Larsnes kyrkje. 

Ledige plasser på Sparebanken Møre sin fotballskule

Tare innom skulen i fjor
Tare innom skulen i fjor

Tradisjonen tru, det arrangerast  fotballskule på Larsnes stadion tysdag 16. - torsdag 18. Frå kl 16.30 - 19.30.

Påmelding skjer enten på mail eller SMS til Aadne eller direkte på Larsnesfotball.no si heimeside. 

Det er meldt fint vêr, instruktørane er klar, utstyr på veg

Landsbyquiz

Fredag kveld konkurrerte 12 lag om seier i første quizkveld i år.

Sterke Cubano Larsnes med Geir Magne, Helge, Hans Kristian, Jan, Hallbjørn og Bjørnar fekk 100 av 121 mulige i innleiingsrundene med tema som oppvarming, back pack, kropp og helse, ord på  D,  mat og drikke, tru og overtru, tekniske framskritt, sommersanger, bilder frå Møre og Romsdal, svar som har egg i seg, norsk krigshistorie og lokal. Tett på Cubano kom Inte Alz med Einar, Gro, Hanne, Asle og Øystein med 99 poeng. Ringnes fekk 98,5 poeng, på laget var Torbjørn, Else Marie, Ragnhild, Bård, Anne Marta og Sindre.

Duellen mellom dei tre laga i finalen endte med utklassingsseier til Sindre og Ringnes.

Kakene

page01.jpg

Opning av hallen

Aleksander og Emilie var progamleiarar

Varden spelte

Ida song

Ordøraren stod for formell opning og ungane i bygda klipte snora

Trond heldt ei idrettshelsing

image826.jpeg

Sumarsamkome

Frå teltet

Tradisjonen tru var det samling av mykje folk som ville ha seg rjomegraut og anna godt. 

Sumarsamkome og sentrumsaktivitetar

Fantane samla seg bak Karjolen i Landsbyparken for å ta del i fantetoget

Mat og prat i teltet

Sjønære aktivitetar med kano, funballs, bålbrenning og brannbil

|
Kaffipause
Kaffipause

Dugnad

Sist torsdag var det dugnad i sentrum. Ca 20 personar rydda strandpromenaden og blomsterbedd mellom butikkane. Takk til Jokerdamene som kokte kaffi! 

NY DUGNAD TORSDAG 16.06 KL 17.00!

image767.jpeg

Nedoverbakkeløp

SUMARSAMKOME 2015

Lag og organisasjonar saman med Landsbyrådet inviterar 

KLIKK PÅ PLAKATEN OG KOM RETT TIL BILLETTKJØP!

plakat_2015_jpg.jpg
Forhånd.123456...43Neste