Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Bakedag i vinterferien??

Vil du lære kunsten med høge cupcakes med masse pynt på? Då har du no muligheita til å lære dette gjennom bakedager i vinterferien. Det er Marita Smoge som står bak initiativet. Ho har fått leige skulekjøkkenet og planlegg to bakedager i vinterferien. Den 21.februar er det ungdom frå 5.kl til 7.kl som har bakedag. Den 23.februar er det ungdom frå 8.kl til 10.kl sin dag. Begge dager er det først og fremst cupcakes i ulike varianter og pynteteknikkar som er tema. Alle deltakarar får prøve seg - og alle får med seg nokre smaksprøver heim etter endt dag! For å dekke inn varekjøp, mat til fellesmåltid og huskostnader er det ei deltakeravgift på kr 600. Er dette av interesse så ta kontakt med Marita Smoge på tlf 90479282 for påmelding vet meir informasjon.

img_1689.jpg

Fotballsøndag

Larsnes IL sine verdiar: glede, respekt og fellesskap.

Fotballl arrangerte FOTBALLSØNDAG for alle i alderen 6- 16 år. Høg aktivitet  i tre timar. Frukt i pausa og refleksband utlevert etter endt økt. 

Orientering til foreldre om komande sesong med trening, aktivitetar og dugnad. LIL oppmodar foreldre om å nytte larsnesfotball sine heimesider for å finne informasjon.

Fotballsøndag

Søndag 29.januar kl 12:00 arrangerer fotballgruppa open dag i hallen. Det skal sjølvsagt spelast litt fotball, og fotballgruppa vil også nytte høvet til å orientere litt om komande fotballsesong. Vel møtt til både spelarar, føresette, og andre fotballtilhengarar!

TING SKJER... og har skjedd

2016 vart avslutta med to fyrverkeri. 1: QUEEN-show  - "A tribute toi Queen" - med Luffen Valle & co 30.desember, 2: Nyttårsafta - på sjølve siste dagen  - var det mange flotte fyrverkeri manga stadar! Men kva skjer i 2017?

Øya på Sande Omsorgsenter har aktivitetar kvar tysdag. Då samlast dei som kan og vil; frå Sandetun, Haugatun, Elverom og Elvebakken. Det er også fint at mange pårørande kjem!

Førstemann ute på Øya i 2017 var Trond m/gitaren tysdag 3. januar. Neste tysdag er det Bergljot Tødenes sin tur.

13. og 14. januar + 20. og 21. januar har FEEL-IT sine 4 siste forestillingar for denne gong på Landsbyhuset.

28. januar er det UKM på Landsbyhuset.

Larsnes.no har lyst å få  ei oppdatert liste om kva skjer i landsbyen, men då må vi få hjelp. Ta kontakt!

<

20161101_083212_1_.jpg

LARSNES AUTO

I serien "Arbeidsplassar i Landsbyen" har turen no komt til Larsnes Auto As - ei bedrift som starta i 1928; med andre ord ei av dei eldste i Landsbyen

Larsnes Auto vart stifta i 1928 av Georg Petersen med føremål å drive rutebiltransport frå Larsnes til Hareid.  Sonen Anders tok over etter faren og i tillegg til bussdrift, så kom der bensinstasjon på Larsnes; Så har utviklinga gått sin gang med samanslåing av rutebilselskapa og vi fekk Sørøybuss - og det vart nybygg på Larsnes. I dag er det Fram/Nettbvuss som driv busstrafikken. Sørøybussbygget er blitt til Larsnes Buss og Last. Men kva med Larsnes Auto? I dag er det blitt ein flott bensinstasjon - XY - med fasilitetar ein stasjon skal ha med bl.a. ei kafeavdeling. I tillegg har Larsnes Auto bilverkstad ved Hallebygdkrysset då dei kjøpte Johansens Auto-bygget. På desse to stadane sysselset Larsnes Auto 14  - og Øyvind Petersen er dagleg leiar; ttredje generasjon!

"Badehus" i Larsnesvika

Eit "badehus" i samband med badestranda i Larsnesvika har vore eit samtaleemne i bygda i ei årrekkje - no kan det kanskje kome på plass!

Larsnes Brygge og område rundt byrjar no å ta skikkelig form, og resultatet vert skikkelig bra! No ligg det også føre planar om å få opp badehuset i Larsnesvika. Dette er eit tiltak som har våre samtaleemne i bygda i ei årrekkje – sikkert litt ulikt i form og innhald over tid – men no ser det altså ut som at ein kan få realisere eit anlegg som folket og område kan verte tente med framover. Igjen er det frivilligheita som skal «løfte», og Larsnes IL har bede kommunen om å søkje spelemidlar til prosjektet. Spelemiddelsøknaden viser ein byggekostnad på 610.000 kr, og der ein søkjer om 300.000 kr i spelemidlar. Resterande kapitalbehov er innsamla midler og stor dugnadsinnsats. Om spelemiddelsøknaden går i orden er våren 2017 utpeikt til byggetid - så då er det berre å gjere seg dugnadsklar på nytt! Badehuset skal vere utforma slik at det kan nyttast av alle, og plasseringa vil vere sentral i samband med badestranda og den nye «sjøgata» rundt Larsnesvika som no tek meir og meir form for kvar dag som går. Med andre ord eit tiltak som både fastbuande og besøkande kan gjere seg nytte av når det står ferdig.

Slik er "badehuset" tenkt utforma og plassert.
Slik er "badehuset" tenkt utforma og plassert.
15181693_1288110251209448_8831546114493117105_.jpg

Romjulsfest med QUEEN

På Gamlebanken Scene sine nettside er det no lagt ut billettar til romjulsfest på Landsbyhuset Breidablik. Fredag 30.desember står Luffen Valle og kompani på scena med det populære showet "I Want It All". Billettar er lagt ut på www.gb-scene.no. Her finn de også meir info om arrangementet.

Dette vert den store "utdagen" i romjula - løp og kjøp billettar - stram stemmebanda - her vert det garantert stor stemning!!  

img_1186.jpg

Sandemessa 2016 i rute

Sandemessa 2016 er i rute. Rigg-gjengen har til saman fleire 100-års erfaring - så det viser godt igjen etter ein  dugnadskveld. Med ny hall er det i år nytt "rigg-oppsett" - det vert spennande å sjå korleis det fungerer - vi trur det vert bra! Takk for kjekk dugnadskveld!

ro_20north.jpg

RO NORTH

Gratulerer med nybygget til Rostein-rederiet og vårt eminente landsbyverft; Larsnes Mek!

"Ein sværing", sa sjefen sjølv, Jarle Gunnarstein, under dåpen no i helga! 100 år med mekanisk verkstad - og 35 år som Larsnes Mek; dette høyrest ut som kompetanse! Ja, nettopp; kompetanse! Gratulerer igjen. Vi ser fram til neste nybygg!

Det store stikkemysteriet

Når vi no har fått sommarklima til advent (nesten iallefall) - er vel snøstikkene til Vegvesenet det einaste årvisse teiknet som er igjen som minner oss om at det snart er vinter. Slik var det i år også - mitt i beste sommarværet kom snøstikkene opp i Hallebygda - først langs autovernet i Ryggen - deretter gjennom heile bygda - snart er det vinter!! Men no er stikkene vekk - samtlige snøstikker gjennom heile Hallebygda er sporlaust borte! Ein kan kanskje tru at Vegvesenet har sett opp snøstikker som ikkje er i hht EU-standard - og at dei derfor måtte ta dei ned - men slik er det ikkje. Heller ikkje Vegvesent sjølv veit kva som har skjedd med snøstikkene i Hallebygda!! Kven i all verden har då behov for snøstikker tilsvarande 3 km veg?? Det er det store stikkemysteriet!

Ikkje ei einaste snøstikke å sjå her - og slik er det gjennom heile Hallebygda!
Ikkje ei einaste snøstikke å sjå her - og slik er det gjennom heile Hallebygda!

Ta dej ein tur!

img_1166.jpg

No er det fint på landsbyfjella! Kulden siste dagane har no gjort det tørt og fint å gå – ikkje mykje is heller – rett og slett gode ”føreforhold”. Vi kan heller ikkje skulde på at mørket kjem tidlig på – til det har ”trimgjengen” merka råsa alt for godt – med refleks på kvar ein merkestolpe held det godt med ei middels god haudelykt for å finne vegen uansett kor mørkt det er ! Ta dej ein tur!

fiskeb_t_gunnar_k.png

NYE KONTRAKTER

Ny fiskebåtkontrakt til landsbyverftet vårt Larsnes Mek. I nedgangstider er det imponerande kva Jarle & co får til. Landsbyen Larsnes gratulerer!

Denne veka vart det gjort kjent at Larnes Mek. Verkstad skal bygge "Gunnar K" - ein fiskebåt som skal riggast for snurpe- og snurrevadfiske. Dette vert byggenr. 60 - og båten er planlagt ferdig i desember 2017.  I sommar sikra også Landsbyverftet seg to kontrakter til ; "Sander Andre" (leverast 3. kvartal 2017) og "Nordhavet" (leverast 2. kvartal 2018).  Vi må berre endå ein giong seie ; Vi er imponert! Godt jobba til ein levande verkstad!

Landsbyfjella er merka

img_1153.jpg

Trimgruppa i Larsnes IL har på nytt gjort ein stor innsats i fjellheimen vår. I fjor var det "de 9 bruer" som kom på plass på vei mot Storehornet - i år er det merking av turstier innover frå Drageskaret som er prosjektet. Årets prosjekt er i samarbeid med gode naboar i Gursken. Nye merkestolpar er fabrikert, transportert og plassert ut i terrenget - og viser med det trygg og sikker veg for både kjente og ukjente. Vidare er det sett opp skilt fleire plassar som viser retning og distanse¨til dei ulike fjelltoppane. På startpunktet på Drageskaret er det også skilt som viser retning, distanse, samt ei fargekode for kor krevande dei ulike turane er. Dette skiltet har også QR-koder som er linka til www.morotur.no

Takk til alle ildsjeler som står på for fellesskapet - og god tur!

Kulturprisen 2016

Sande kommune og Sparebanken Møre søker no etter kandidatar til årets kulturpris. Fristen for å kome kandidatar er 20.oktober. Send ein mail til kommunen med den kanditaten du vil skal få kulturprisen. 

002892.jpg

LANDSBYEN FÅR VEGADRESSER

No får du snart vite kvar du bur, for no vert det snart avgjort kva vegane i Landsbyen og i kommunen skal heite.

Sande kommunestyre har tidlegare vedteke å innføre vegadresser. Sande er elles ei av dei siste i Norge med å gjere dette. Det er mange  og store fordelar med presise adresser, både for utrykkingskøyrety, distribusjon og andre tenester. Namnenemnda har utarbeidd eit forslag på vegnamn som no skal ut på høyring. På kommunen si heimeside finn du alle forslaga.

TING SKJER....


 Torsdag 29. sept. kl 18.45
LGFK - Emblem på River Pklate
Kom: LGFK er i siget!
Søndag 2. okt. kl 14.00 på Landsbyhuset Breidablik...
Helselaget har sin haustbasar
HML Varden deltek.
Støtt Helselaget!!! Så ta deg ein tur>!
Mandag 3. okt. kl 1200
Opning av dagsenteret på Sandetun.
Ordførar m.fl.
Song/viser med Laila og Trond

001192.jpg

SOLNEDGANG

Her er fint! Og alle set pris på dette! Alle må ta bilete av solnedgangar! Utruleg mange flotte bilete! Kunne det vere ein ide å få inn desse flotte bileta og vise dei på storskjerm på Sandemesa?

Høgtideleg opning av Landsbyhallen i juni med ordførar og framtidige brukarar!
Høgtideleg opning av Landsbyhallen i juni med ordførar og framtidige brukarar!

LANDSBYHALLEN

Under Sumarsamkoma vart Landsbthallen offisielt  opna!  No lurer mange på kvifor den ikkje er i drift på skikkeleg vis!

Vi er allereie langt ut på hausten og fineveret varer ikkje evig! Dermed må ein inn for å halde fram treningane - og det er stor aktivitet i LIL. Men kvifor er ikkje hallen komt i drift slik intensjonane var og alle sa under opninga? Er det administrasjonen i kommunen, poitikarar/formannskap/ordførar eller skulen som held igjen?

Haustjamndøger er over og brukarane ventar! 

004875.jpg

Larsnes Buss og Last

I serien  "Arbeidsplassar i Landsbyen" er turen komt til Larsnes Buss og Last.  Framleis seier mange SørøyBuss , men det er 20 år sidan SørøyBuss vart avvikla! 

I dag er Larsnes Buss og Last høgst oppegåande!  16 tilsette arbeider skift - 0700/2100 - og reparasjonane er ca 20 % på personbil og 80% på storbil. Bedrifta  merkar   akkurat no dei trongane tidene , likevel er det nok å gjere! Wist eig 51% og Nettbuss 49%. Det er sjefen sjølv Karl Hermann Nystøyl,  som seier dette.

Området  har også ein liten historisk bakgrunn. Rønneberg hadde slakteri  i 20/30-åra nedi fjøra, Søre Sunnmøre Kraftlag (SSK) hadde lager og her stod fiskehjellar som faktisk var i bruk til ca 1965.

I 1988 bygde SørøyBuss verkstad her. SørøyBuss var eit resultat av samanslåing av rutebilselskapa Bjåstad (Hareid), Moldskred (Ulstein), Djupvik (Leikong) og Larsnes Auto. Nye samanslåingar innan samferdsle vart det i 1996 og Mørebil tok over drifta fram til Larsnes Buss og Last etablerte seg i 1999.

Larsnes Buss og Last er tilknytta Mekonoman-kjeda - og ei slik tilknytning er  viktig og gir mange fordelar.

16 tilsette; det er bra det!!

005350.jpg

LGFK - Ørsta

På siste heimekamp på Larsnes Stadion var det Ørsta som kom på besøk til beste grasbana på Sunnmøre, ifølge ørstingane sjølve. Men det hjalp ikkje Ørsta ! LGFK vann 3-0 etter ein god kamp! 

LGFK er inne i eit generasjonsskifte og mange av dei yngste bankar på døra! Mot Ørsta kom 4 inn på i løpet av kampen; av dei 3 larsnesingar; Johannes Grønnevik (scora eit mål), Håvard Petersen og Andreas Myklebust. Kjempeflott at det gror slik; noko av grunnen er også satsinga på G19-laget til LGFK. Berre to spelarar er utanfrå. Utan samarbeidet mellom desse to små bygdene hadde dette ikkje gått! Eit godt tilbod for dei som vil!  Når det gamle storlaget Ørsta taper 3-0, så seier det ein del!

Og tenk; Larsnes  og Gursken har 10 spelarar i OBOS og 3.divisjon ; i Hødd, Herd og Bergsøy!

Forhånd.12345...43Neste